Før har dei forklart seg i politiavhøyr og for undersøkingskommisjonen. No møter dei som vitne i straffesaka mot «Sleipner»-kapteinen og reiarlaget HSD.

Roy Erling Furre, leiaren i «Sleipner»-støttegruppa, og los Ole Johnny Henjesand er blant passasjerane på ulukkesbåten som er innstemna som vitne.

— Eg er spent, særleg på utfallet av rettssaka. Det er klart at det for mange er belastande å måtta gå gjennom dette endå ein gong. Nokre vil leggja det bak seg, andre ser det som viktig å få fram sine opplevingar, seier Roy Erling Furre til Bergens Tidende.

— Når det gjeld utfallet er eg mest spent på om retten vil leggja seg på ein ny praksis når det gjeld ansvarsfordeling mellom skipsførar og reiarlag. Sjeldan og aldri har ein før gått inn på korleis reiarlaget har lagt til rette tryggleiksordningar om bord. Kapteinen må sikkert straffast for at han køyrte på land, men han kan ikkje få ansvar for at ikkje flåtesystemet virka eller for at reiarlaget ikkje hadde ei eigen tryggleiksavdeling, meiner Roy Erling Furre.