ARNE HOFSETH (tekst og foto)

arne.hofseth@bt.no

Følg seminaret "Fruktbar framtid" i Ullensvang direkte på odin.no fra kl. 13

Men fredag kjem ho. Dronninga skal offisielt opna det nasjonale Streif-prosjektet i samband med 100 årsjubileet for unionsoppløysinga i 1905. Den bitte lille grenda vel 200 meter over havet, eller rettare sagt Sørfjorden, tett oppunder Folgefonna, er denne dagen sjølve symbolet på nasjonalromantikken. Bygdefolket er inne i sluttspurten i førebuingane til å ta mot dronninga og kanskje tusen andre.

Stor aktivitet

Ei flunkande ny scene er bygt på bøen, ikkje langt frå den imponerande, bøljande muren som skal stogga snøskred på veg mot Bleie, som vart ille råka for nokre år sidan.

Dei små, vegglause fylkeskommunale messehallane, sist brukt på Bryggen i Bergen, er komne på plass. Her skal mellom anna tradisjonsmat frå Hardanger bydast fram.

Bakstekonene Inga Elje og Nina Kambestad tek ikkje sjansen på å få for lite flatbrød til smaksprøvar når dei fredag skal demonstrerer korleis leivane blir bakte. Dei er i full sving med å baka opp ein svær stabel på førehand. Ølbryggarane vil nøya seg med å visa framgangsmåten.

Anleggsarbeidarar vøler på vegen som slyngar seg opp den bratte lia frå Nå, nede ved fjorden. Kunstnarar tilslutta Harding Puls plasserer sine kunstverk på strategiske stader langs Streif-løypa, der dronninga skal leia marsjen ned att til Bygdahallen på Nå.

Og salongen om bord i bilferja «Hardingen» som skal ferja dronninga over fjorden, har fått flunkande nye gardiner.

Set vekkarklokka på

Arnhild Bleie og Guttorm Rogdaberg leier arbeidet i marka. Fylkeskommunen sin representant, Dirk Kohlmann Tvedt, er overtydd om at dette blir ein suksess. Det einaste han er redd for, er at publikum skal koma for seint, og gå glipp av noko. Songdronninga frå Jondal, på andre sida av breen, Herborg Kråkevik, går først på scenen.

— Dei som kjem heilt frå Bergen, må stå tidleg opp på fredag, poengterer han.

Vil du cruisa innover Hardangerfjorden om bord i ein veteranbåt, må du vera i Norheimsund seinast klokka 08 om morgonen. Køyrer du bil, bør du seinast ta 10-ferja frå Kvanndal. Merk deg at det ikkje er på Reiseter ovanfor Utne det skjer, men i grenda med same namn lenger inne i fjorden.

— Vegen frå Nå til Reiseter vil vera stengt for biltrafikk fredag. Når parkeringskapasiteten på Nå er sprengt, blir bilane nordfrå stogga på Aga, og sørfrå på Bleie. Frå parkeringsplassane går det bussar opp til stemneplassen, fortel Kohlmann Tvedt.

I GOD GJENGE: Dirk Kohlmann Tvedt og Arnhild Bleie drøftar innspurten på førebuingsarbeidet til dronningbesøket på Reiseter.
ARNE HOFSETH