I fjor vann Opedal den prestisjetunge tevlinga. For Kleivkås var det er skikkeleg nedtur. Han hadde to norske meisterskap frå før, og er norsk rekordhaldar med 14,24 meter.

— Eg drygde for lenge i finalen. Motvinden vart for sterk, prøver han å bortforklara overfor Bergens Tidende.

Dermed forlangte vi dei to karane side om side i ei strengt privat spyttetevling i Lofthus sentrum.

Helst ville dei nok ha trena kvar for seg heilt til den offisielle tevlinga. Det gjeld å halda på løyndomar og ikkje røpa nye teknikkar som er prøvt ut sidan i fjor. Rykte om høgdeopphald på Dyranut har siva ut.

Men karane stilte dei. Og spytta. Fleire gonger. Men kven vi trur vil vinna i finalen laurdag, skal vi halda dørgande stilt om. Dessutan kan andre ha trena godt sidan i fjor, og det er alltids ein sjanse for at nye storspyttarar melder seg på.

— For lange spytt krevst det eit vidare felt for gyldige nedslag, hevdar dei to karane, og kritiserer dermed arrangøren for å ha favorisert femmetersspyttarane tidlegare. Dei vil ha innført same sektorprinsippet som for kastøvingar i friidrett, så dei kan konsentrera seg om å spytta langt, ikkje beint også.

For Sverre Kleivkås, som er leiar av Aksjon Hardangerbru, bringa gårsdagens Bergens Tidende gledeleg nytt.

— Verkar slikt forstyrrande inn på oppladinga til tevlinga?

— Nei, dette var så gledeleg at det berre kan gje positiv glød. Eg kunne hatt lyst til å spytta tvers over fjorden, men då blir eg vel mistenkt for doping, seier Kleivkås.

Hovudspennet på Hardangerbrua er planlagt til 1310 meter. Verdsrekorden i morellsteinspytting er 21 meter.

Den tiande Morellfestivalen på Lofthus skal offisielt opnast av Carl I. Hagen. Men dei tjuvstarta allereie i går kveld med innleiande runde i sider-tevlinga. I vinkjellaren Munkens Trøyst på Hotell Ullensvang prøvesmakte juryen seg gjennom heile 47 innsende prøver på heimelaga sider. Den store deltakinga kan ha samanheng med ein ekstra gild førstepremie under jubileumsfestivalen; tur til eit siderdistrikt i Normandie i Frankrike.

Seks siderleggarar vart plukka ut til å delta i finalen på laurdag, der også beste morellvinen skal kårast.

Morellfestivalen har eit variert program frå Ole Paus slår an tonen på Hardanger Folkehøgskule torsdag kveld til den avsluttande sommarfesten i sentrum seint på laurdagskvelden.