For dei vaksne, men for all del unge av sinn, var det samling på oppsida av stova under mottoet «klar — ferdig - sol!» Påskegjestene sette seg tålmodig i solveggen i går, klare til å ta mot dei varme strålane kvar gong sola fann ein sprekk i skylaget.

Når meteorologane berre kan lova ein solgløtt i ny og ned, når austavinden får skydekket til å sprekka opp, er det ikkje eit millisekund påskesol å missa.

Alt tyder på at dagen i dag blir om lag som dagen i går, sånn vêrmessig. På Skjærtorsdag går spådommane ut på at vinden dreiar, og kjem inn frå vest, med kjølegare luft.

Kven som vann skirennet i Badnakrokjen? Alle, sjølvsagt! Alle som deltok. Det er det viktigaste. Når påsken no kjem i gang for alvor, er det også skodespel i løypa. Tre skodespelarelevar opptrer som Snurre Sprett, Pippi Langstrømpe og gromlarar i dagane som kjem.

LØYPE! Skirennet er i gang i Badnakrokjen nedunder Slettafjellet på Voss.<br/>Foto: ARNE HOFSETH