— Eg skjønar ikkje kvifor toget skal ta omvegen om Sandvika. Det bør gå strake vegen mellom Oslo og Hønefoss, seier sjefsaktivist Fredrik Hildisch.

Den vesle gruppa hans fekk hindra lina over Kroksund då debatten om Ringeriksbanen rasa som verst rundt tusenårsskiftet. Stortinget vedtok at banen skal gå via Åsa på austsida av Steinsfjorden.

Dermed blir det omvegar både om Åsa og Sandvika.

— Dette må vera gjort for å tilfredsstilla Bærum kommune. Dei vil gjerne ha stopp for Bergensbanen i kommunesenteret Sandvika, hevdar Hildisch.

Noko god løysing for alle andre er det ikkje. Det fører Bergenstoget inn på den tett trafikkerte Drammensbanen inn mot Oslo, i staden for eigen trasé. Likevel misser ein det trafikkpotensialet som ein stopp i Drammen ville gitt, påpeikar han.