Ukjende bilister møter eit 50-soneskilt og «smalare veg». Men trafikkbiletet er atskillig tøffare enn dagens skilting førebur dei på. Born, ungdom, vaksne og eldre skal til busshaldeplassen, idrettsplassen, barnehagen, ungdomshuset, Agatunet, eller til kvarandre. Det er ikkje plass til dei på vegen, men vanlegvis greier dei å berga seg ned i veggrøfta. Dei eldre sit heller heime.

— No veit vi rett og slett ikkje kva vi skal gjera. Pengar tiltenkt Agaparsellen blir rappa endå ein gong, seier Randi Hjørnevik og Astrid Grønsnes til Bergens Tidende. Begge stod i brodden for «Mødreaksjonen» i 1988, og oppfylgjaren «Ein fot i asfalten» året etter. Dei var også med i leiinga for «Epleaksjonen» i mars 1996, då dei stod i vegkanten og delte ut eple og informasjonsskriv til bilistane.

Alle aksjonane har vore vellykka. Pengar som har vore «ute» av budsjetta, har kome inn att. Men gleda har ikkje vore langvarig. Brått er pengane «bortlånt» til andre prosjekt. Og Agaparsellen ligg framleis som ein flaskehals på riksveg 550 mellom Odda og Utne.

Vil unngå brustrid

Blant dei som har nytt godt av pengeflyttinga er riksveg 13 på andre sida av Sørfjorden. Her kan det sjå ut til at rassikringsprosjekt får ekstra draghjelp av krefter som jobbar for Hardangerbrua. Dei siste åra har det kome tre tunnelar på Austsida, medan Vestsida først no står for tur med Velureparsellen. Og på Aga, utan rassikringsstatus, ser det smått ut.

— Vi veit ikkje kva slags form for protest vi skal prøva oss med denne gongen, men det ville vore herleg om vi kunne finna på noko utan å dra inn Hardangerbrua. Det blir det berre tull og bråk av, seier Randi Hjørnevik til BT. Ho meiner at folk på Austsida er vel unt ein betre veg, men no har også Vestsida venta lenge nok. Teljingar viser at trafikken er størst her.

Det viktigaste for dei spreke bestemødrene, og folk elles på Aga, er å få pengane inn att på budsjettet, og utbetra vegen.

Uhaldbart for museet

Ein av dei som ser fram til betre trafikktilhøve, er dagleg leiar Guttorm Rogdaberg i Stiftelsen Agatunet. Museet har så vanskelege parkeringstilhøve at dei dagleg misser besøkjande, og dermed inntekter. Nokre få turoperatørar har prøvt å stogga på Aga med busslastar av turistar, men har gitt opp etter ein sesong. Det er håplaust å parkera ein buss, vanskeleg nok å stogga lenge nok til a sleppa passasjerane av.

Trafikken går puljevis gjennom Aga, tilpassa ferjetidene på Utne. Små og store bilar, bussar, vogntog og bubilar i ei herleg blanding. Vegbreidda er nede i 2,5 meter.

Den for lengst vedtekne reguleringsplanen gir gode parkeringstilhøve for museet litt nord for tunet. Herifrå tek den framtidige riksvegen peiling mot ein tunnel bak Agatunet. Også grunnspørsmåla er avklara. Berre pengane til vegarbeidet manglar.

Smal veg «på deling»

— Hugs at dette er einaste vegen gjennom bygda vår, understrekar Randi Hjørnevik overfor Bergens Tidende.

Den svingete vegen i varierande breidde, ulike grader av smal, skal delast av mjuke og knallharde trafikantar. Bestemødrer som trillar enda ein generasjon i barnevogn, mot førarar av store og tunge køyrety som så vidt smett gjennom, tidvis med store dekkflater utanfor asfaltkanten.

— Vi føler at yrkessjåførane er på vår side. Dei kvir seg på Aga-parsellen, seier Hjørnevik.