I går reiste aksjonistane protestleir i fjellet over Norheimsund og Øystese.

I seks år har Synnøve Kvamme (20) arbeidd mot kraftlina som mellom anna kryssar Granvin, heimkommunen hennar. No er ho budd på å lenkja seg fast, i ein aksjon der sivil ulydnad skal brukast i eit siste forsøk på å stogge kraftlina.

I dag tidleg står ho opp frå soveposen etter første natt i leiren på mastepunkt 215. Der Statnett vil ha fundamentet til ei mast, står det no telt med demonstrantar i.

– Eg har planar om å lenkja meg fast i utstyr og maskinar, slik at dei ikkje får utretta det dei har planar om, seier Kvamme.

Statnett-tap i retten

Leiren, ein times gonge opp i fjellet frå næraste parkeringsplass, ligg så høgt at her enno er vår og dei siste snøklattane held framleis stand. Frå leiren er det vid utsikt mot både fjorden og Kvamskogen. Målet er å bruke den til å skape blest og mobilisere kraftlinemotstandarane, og dermed byggje opp ei evne til å plassere aksjonistar i vegen for utbyggjarane. Straks bygginga kjem i gang blir det ein katt og mus-leik mellom aksjonistar og Statnett, der partane vil måtte gjette seg til kvar den andre vil slå til.

Men i første omgang vil Hardangeraksjonen bruke ei rettsavgjerd som fall i Hardanger tingrett 2. mai for å utsetje utbygginga.

Statnett har kravd skjønn for å fastsetje kor stor erstatning grunneigarane skal få for grunnen dei må avstå for å få kraftlina bygd. Men fleire grunneigarar er misnøgde med grunnlaget for skjønnet, mellom anna fordi dei meiner skjønnsbegjæringa er så upresis at det er uråd for dei å vite kvar og kor store inngrepa blir på deira eigedom.

Appellerer til grunneigarane

Det er retten samd i, og konkluderte med at kravet om avvisning av skjønnsbegjæringa blir tatt til følgje.

Bergens Tidende lukkast ikkje i å få ein kommentar frå Statnett i går.

Hardangeraksjonen meiner rettsavgjerda må føre til at Statnett legg arbeidet med å byggje kraftlina på is, inntil ei rettskraftig avgjerd er på plass. Rettsavgjerda set også alle tidlegare avtaler mellom grunneigarar og Statnett til sides, meiner aksjonistane.

Men jusprofessor Jan Fridthjof Bernt støttar ikkje aksjonistane si vurdering av dommen.

– Dette er berre eit spørsmål om kor mykje Statnett skal betala. Så lenge det er klart at dei vil koma til å betala, er det ingen grunn til å stogga bygginga av mastene, meiner jusprofessoren.

I dag vil Hardangeraksjonen sende brev til alle grunneigarane for å hindre at Statnett gjer avtaler med ein og ein grunneigar.

Det stadfestar Anita Ålvik, styremedlem i Hardangeraksjonen.

– Vi oppfordrar folk til å ikkje skrive under erklæringar, fordi grunnlaget for skjønnsbegjæringa ikkje er i orden, seier Ålvik.

Maner til motstand

Kvamme tolkar rettsavgjerda frå Hardanger tingrett på same vis som Ålvik. Ho er skuffa over at ho ikkje ser teikn til at Statnett vil utsetje bygginga, men ikkje motlaus.

– No har eg kjempa mot dette i seks år, så eg har ikkje planar om å flytta meg. Eg meiner dette (utbyggingsvedtaket, red. mrk.) er eit vedtak som er fatta på eit falskt og udemokratisk grunnlag, så vi har all rett til å nytte oss av sivil ulydnad, seier ho.

Då ho engasjerte seg mot kraftlina som 14-åring hadde ho aldri trudd at striden skulle vare så lenge, og at planen om kraftline ikkje skulle bli lagt bort. Mange kraftlinemotstandarar er blitt utmatta og lei, trur Kvamme. Leiren skal vere med og kveikje kampviljen.

Kvamme skal bruke tida i leiren til mellom anna å ringje rundt for å få gamle og nye kraftlinemotstandarar til å ta eit tak på nytt.

– Det er viktig for oss å vise at dette er eit inngrep vi ikkje aksepterer, seier Kvamme.

HARDANGERAKSJONIST. Synnøve Kvamme skal sova i telt og venta på Statnett.
ODD MEHUS
TELT MOT MASTER. Med utsikt til Hardangerfjorden.
JO HJELLE
MASTEPUNKT 215. Kraftlina er planlagd vidare over Kvamskogen.
JO HJELLE