— Vi har ubekrefta meldingar om at to scud-rakettar har slått ned her i Israel, rapporterer Kjetil Iden, medan skodda heng mørk over Laksevåg og nokre måsar skeinar som skadeskotne jagarfly inn over kaien.

— Vi reknar med at krigen er i gang i løpet av nokre veker. Derfor trenar vi no. Folk skal vera psykisk budd, seier TV2s utanrikssjef Øystein Bogen.

Klare planar

Om scenene som utspelar seg på kaien på Nøstet er aldri så absurde, er bakteppet alvorleg nok. TV 2 gjer seg klar til krig. Dei har alt avgjort at dei skal senda team til Bagdad, Israel og Kuwait.

— Dette er eit minimum, mange andre stader kan verta aktuelle, seier Bogen.

Han gir reporter Kjetil Iden kort informasjon. No skal han springa over kaien for å finna opptaksstaden. Iføra seg kvit hjelm og blå skotsikker vest. No er det Iden sin tur til å leika ørkenkrig i piskande regn. Til å svara på anker Camilla Lundberg sine spørsmål. Ekstrasending. Iden rapporterer direkte om nervegass, jagarfly, scud og kaos i Tel Aviv medan «Beinveien» returnerer fredeleg til Askøy. Lukt av brent krut og giftig gass driv med vestavinden over den våte kaien.

— Målet er å øva opp tv-venlige og sunne reaksjonar på å gå direkte. Direktesending er faktisk det vi elles får øvd minst på, seier Bogen.

- Pyse

Ove Sjøstrøm skal i elden. Han rapporterer om flyalarm. Nytt smell på Nøstet.

— No var det ein eksplosjon like i nærleiken så vi avsluttar no, seier Sjøstrøm.

— Pyse, ropar Iden og Skjærstad i kor. Dei sit trygt og varmt i studio no. Dei har dessutan vore der ute sjølv og rapportert trøystig vidare gjennom både smell og gass.

Kursleiar Henning Karlstad minner karane om at det kanskje ikkje er så dumt å reagera slik på kraftige smell. Karlstad noterer og analyserer. Han skal seinare gje tilbakemelding.

Det er einaste kvinne blant dei åtte på kurset, Elin Ludvigsen, som er peika ut til å reisa til Israel om det blir krig. No er det hennar tur til å trena på ein forblåst kai i Bergen. Elin Ludvigsen taklar gassen og rapporterer med gassmaske på. Så kjem også ho inn frå krigen.

Saddam talar

— Å, du er dyktig, seier Karlstad.

— Eg hadde stemma der oppe. Eg vil for all del ikkje bli eit slikt skrikande kvinnfolk, seier Ludvigsen.

— Det å heva stemma slik du gjer er ein sunn og normal reaksjon når noko skjer, seier Karlstad før han sender Thomas Henschien i krigen.

Kjetil Iden og Bernt Skjærstad har fått roa pulsen godt ned og er samde om at Fredrik Græsvik har fortent ein skikkeleg kraftig smell.

Flyalarmen jagar atter over Puddefjorden og vinterregnet driv tett. På ein av tv-skjermane i studio talar Saddam Hussein utan lyd, og det er frykteleg langt til Bagdad og Tel Aviv.

GASS: TV 2 bur seg på krig i Irak med gassangrep på Nøstet. Fotograf Steinar Høydal dukkar etter gassmaska medan reporter Kjetil Ilden vurderar om gassen er farleg. <br/>Foto: TOR HØVIK