ARNE HOFSETH

To hundre og fire kilometer med symjetak i kaldt og nesten saltfritt fjordvatn. Den ultimate symjeturen. Sjølv idrettsprofessorar kan vanskeleg tenkja seg større fysiologisk utfordring. Prestasjonen toler samanlikning med ei polferd. Det er tale om lengste symjeturen i verda i såpass kaldt vatn.

London-advokaten sumde over Den engelske kanalen i 1992, og har sidan plassert ei rekke bragder på cv'en. Det han no gir seg i kast med, Sognefjorden frå Skjolden inst i Lustrafjorden til Eivindvik i Gulen, svarar til halvvegs over Kanalen kvar dag i fjorten dagar.

Låg temperatur

— Den enorme lengda er berre eitt av tre element i utfordringa. I tillegg kjem den låge temperaturen og det låge saltinnhaldet, understrekar Pugh overfor Bergens Tidende.

Du flyt som kjent lettare i saltvatn enn i ferskvatn. I Skjolden strøymer store mengder kaldt ferskvatn ut i Lustrafjorden. I går var temperaturen i sjøen under 10 varmegrader, og vatnet smaka, etter Pugh si vurdering, ikkje salt i det heile. Han har prøvesmakt fjordvatn langs heile ruta, og seier at han må symja heilt til Balestrand før han merkar saltsmaken i overflata. Først ute ved Lavik når han i «skikkeleg» sjøvatn.

Også temperaturen vil stiga etter kvart som han nærmar seg Nordsjøen, men han fryktar at han ikkje kjem nemnande over 15 grader.

Rundt Nordkapp

I fjor innleidde Lewis Pugh sitt kraftprøvande friår med å symja rundt Nordkapp. Verdas nordlegaste symjetur, av såpass lengde at distansesymjarane reknar han med, er kome på cv'en.

— Endå kaldare enn i Sognefjorden, men i saltare vatn og langt kortare distanse, kommenterer han.

Lengste symjeturen hans til no, er 100 kilometer rundt Kapp Peninsula i Afrika tidlegare i år, til inntekt for foreldrelause HIV og AIDS- råka.

Han var den første til å symja rundt Kapp Agulhas, det sørlegaste punktet i Afrika, og den første til å symja rundt Kapp Det Gode Håp, Kapp Maclear og Kapp Piont på ein og same symjetur. Dermed var han også først rundt det sørvestre punktet av Afrika.

Ved å kryssa Malawi vart han den første til å symja over ein av dei store afrikanske innsjøane.

Og sist veke sette han ein fartsrekord også. Pugh er no den som har sumt raskast rundt Robben Island, der Nelson Mandela sat fengsla.

Blodslit

Komande måndag er han i gang med blodslitet, kampen mot kulda og for å halda skjelvingar i sjakk.

Etter planen skal Skjolden vera utgangspunktet, men det er visse sjansar for at han også skal symja delar av elva i Jostedalen. Dette han samanheng med ein dokumentarfilm, frå bre til hav, som skal lagast for National Geographic. Ein tryggleiksekspert skal vurdera elva sundag. Blir elvesymjing aktuelt, byrjar fjordsymjinga i Gaupne.

Fjordvatnet var fullt kaldt nok i Skjolden då Pugh hadde ei treningsøkt der i går. Treninga gjekk mest ut på å venja kroppen til kulden.

— Eg treng nokre minutt til å redusera kroppstemperaturen slik at eg orkar å ta gode symjetak, forklarer han.

Berre badebukse

Han skal symja utan våtdrakt, berre i badebukse og med badehette. Han har tre par symjebriller å velja mellom. Nøytrale med blankt glas, solbriller med blått glas og nattbriller med gult glas.

— Eg må symja når kroppen tillet det. Tid på døgeret kjem i andre rekke, kommenterer han.

— Vil du variera mellom crawl, bryst- og ryggsymjing?

— Nei, det blir berre crawl. Dette vil eg ikkje bruka unødig tid på.

Ruta blir langt langs nordsida av fjorden, med 500 meter tvers over fjorden til Eivindvik som siste etappe. Ein kompis padlar kano attmed han heile tida, og ein annan køyrer bil på landevegen. Sponsorar syter for overnattingar på hotell, men på dei veglause strekningane rundt Kaupanger er han og kajakkpadlaren budde på å overnatta i telt. Dagsøktene blir neppe over tre timar inst i fjorden, men dei vonar å auka etter kvart som vatnet vert saltare og varmare.

— Og tidsfristen er sett til 14 dagar?

— Nei, det er ingen fiasko om det tek lengre tid.

Realiserer draum

— Kva får ein advokat til å ta fatt på slike utfordringar. Vinn du sakene dine for lett?

— Nei, eg var vel symjar først, og advokat etterpå. Det er fint å kunne ta eit slikt friår og realisera draumar og ambisjonar.

— Har du vore konkurranse-symjar?

— Ja, men ikkje i symjebasseng. Det er distansesymjing som er mi greie. I Afrika har dette vore ein omtykt idrett.

Lewis Gordon Pugh er fødd i England, men familien flytta til Sør-Afrika då han var ti år gamal, og han flytta attende til London som 27 åring. Jusutdanninga har han teke i Sør-Afrika og i Oxford. Han jobbar i eit advokatfirma som har spesialisert seg på maritim rett. Dei har 300 juristar over heile verda, derav rundt 200 ved hovudkontoret i London.

BRRRRR! Lewis Gordon Pugh testar det kalde fjordvatnet ved Skjolden i Luster. Resten av veka er det symjetrening og kuldetilvenning i Flåm, og førebuing til maratonsymjinga frå komande måndag.<p/>FOTO: KNUT STRAND