Restar etter brannen torsdag er rydda frå spor to på Hallingskeid. Sviller, skinner og pukk er kome på plass. Men togtrafikken kjem ikkje i gang før torsdag.

Køyreledningen skal på plass, og i kabelgrøfta er det stor utskifting av kablar. Endane vert skøytt saman, enkelttråd for enkelttråd.

Konsentrerte

Med beina tvers over kabelgrøfta mellom spora sit tre unge menn i djup konsentrasjon. Fargekodar fortel kva trådar som høyrer saman.

Dei må ikkje stressa, fullt klar over at både NSB og togreisande ventar utolmodig på at dei skal bli ferdige, så toga kan passera. Kabelskøyting er ein einmannsjobb. Dei blir ikkje fortare ferdige om dusinvis av jernbanefolk hjelper til.

Moderne jernbane er noko heilt anna enn den som vart sett i køyrbar stand på 24 timar etter brannen i 1960, seier Ole Erik Almenningen i Jernbaneverket.

Provisorium

Den faglege leiaren for lina på Bergensbanen er son av dåverande stasjonsmeister Almenningen på Hallingskeid, og blant dei som vart heimlause. 51 år etter har han ansvaret for å få køyrbare skinner etter storbrannen sist torsdag.

— Vi var i gang med ryddinga same kvelden, sjølv om det rauk av varm aske. Vi har laska saman (ikkje sveist) gamle skinner som låg lageleg til, bytt om frå høgreskinne til venstre, slik at den nedslitne sida ikkje vender inn mot jernbanehjula. Dei gamle skinnene kom i korte lengder. Difor er det mange skøytar som gir kliketiklakk-verknad, men det får stå sin prøve. Det bli saktekøyring på Hallingskeid til vi får sett spor 1 skikkeleg i stand.

Spøkjelsestoget

I spor ein står framleis sju av åtte vogner i dei to utbrende togsetta. Bergingsfolka fekk berre laus den fremste vogna før banefolk med hastverk kutta sporet framanfor. No må resten av toget bergast vestover, dragast forbi vestre veksel før dei søgjelege restane kan lunta austover til bilveg på Haugastøl.

Køyreleidning onsdag

Etter dagskiftet i dag var dei 11 stolpane for køyreleidninga til spor to reist. Ikkje heilt i lodd, eller som ei vittig tunge vil ha det til: «dei er i lodd, og vel så det». Stolpane er festa med kvar sin solide bolt nede, og provisorisk bardunert med lastestropper. 11 utliggarar til feste for køyreledinga er også på plass. To feste skal borast inn i taket av betongoverbygget som står att.

Fleksible karar

Sjølv om Almenningen sine folk praktisk talt er ferdige med jobben, blir dei ikkje sende heim att med takk for innsatsen. Ikkje enno.

— På andre banestrekningar er det klare skilje mellom profesjonane, men på Bergensbanen har vi fått til ei meir fleksibel ordning. Vi hjelper kvarandre, så langt den enkelte er kvalifisert og så lenge det er behov, seier Almenningen.

Tildekking

Alle i arbeidslaga har ei klar melding til NSB: Skaff rikeleg med presenningar så det utbrende toget kan dekkast til før første passasjertoget passerer.

PROVISORISK: Gamle skinner er snudde og laska saman på gamlemåten, oppå nye tresviller. Laskane har boltar i berre to av dei fire hola. På togvraket minner ein spøkefugl med grøn spraymaling om at dette er komfort-vogna.
ARNE HOFSETH