I desember skulle Magnus Christianson Epland ha fylt eit år. I staden står foreldra hans ved ein gravstein på kyrkjegarden i Strandvik i Fusa.

Inger-Elin Epland og Christian Pedersen klandrar legar på Kvinneklinikken i Bergen (KK) for at dei har eit barn for lite.

— Slik eg ser det, døydde Magnus som resultat av fagleg arroganse, som utløyste ein dominoeffekt av feilvurderingar, seier Inger-Elin Epland.

Legen sa: «De må ikkje tru at de får ei anna behandling enn alle andre i Fusa!» Eg vart heilt paff. I ettertid har eg klandra meg sjølv for at vi fann oss i det Inger-Elin Epland

Før, under og etter fødselen har ho opplevd legane som skråsikre, suverene og utan vilje til å lytte til henne som pasient. Helsetilsynet i Hordaland og Norsk Pasientskadeerstatning har konkludert med at legane på KK gjorde fleire feilvurderingar under fødselen.

14 dagar over tida

Snøen som legg seg utanfor kjøkkenglaset, får magen hennar til å knyte seg. Akkurat slikt vêr var det 28. desember i fjor, då ho og mannen sette seg i bilen for å dra til KK. I magen låg Magnus, to veker over termin.

Svangerskapet var normalt. Det einaste som gjorde Epland uroleg, var alderen hennar. 40-åringen hadde vore i kontakt med KK fleire gonger, men blitt forsikra om at det var ingen grunn til uro. Planlagt keisarsnitt var uaktuelt på KK. Epland vurderte å føde på Voss sjukehus, men slo det frå seg.

— Vi var overbeviste om at vi ville få eit høgspesialisert tilbod på Haukeland. KK skal vere den tryggaste staden for fødande i Helse Bergen. Men det kjennest rart å seie det.

Sendt heim for andre gong

Framme på KK fekk Epland eit ballongkateter for å få fødselen i gang og beskjed om å dra heim. På heimvegen gjekk vatnet på Kalandseid. KK gav snuordre.

— Tilbake på KK konstaterte legen at vatnet hadde gått, men ville sende meg heim likevel.

Epland vart redd. Ute var det snøfall, og det gjekk ikkje nattferje mellom Hatvik og Venjaneset. Omvegen ville ta halvannan time. Paret protesterte.

— Legen sa: «De må ikkje tru at de får ei anna behandling enn alle andre i Fusa!» Eg vart heilt paff. I ettertid har eg klandra meg sjølv for at vi fann oss i det.

Neste morgon reiste dei tilbake til Bergen som avtalt. Epland fekk ein stikkpille for å få fart på fødselen. Lite skjedde. Om ettermiddagen vart jordmora uroleg og tok ein sparketest. Fosteret var litt for roleg.

Mor hadde temperaturstigning og vart overflytta til fødeavdelinga. Ein av legane ønskte henne «velkomen til Norges beste fødselsklinikk».

Paracet mot feber

Kort tid etter fekk Epland frostrier, kvalme og høg puls. Alt saman tydelege teikn på infeksjon, seier Epland. Ho er sjølv sjukepleiar og har tidlegare jobba på akuttmottaket på Haukeland i sju år.

I staden for intravenøs antibiotika fekk Epland paracet og dessutan Oxytocin-drypp, for å få fødselen raskt i gang. Mørkt, tjuktflytande fostervatn rann ut, då elektrodane vart festa til fosteret.

På dataskjermen såg Epland at fosteret viste teikn til stress kvar gong dryppet vart skrudd opp.

  • Eg vart redd. Kanskje stilte eg for mange spørsmål, iallfall vart legen irritert og sint. Eg bad han skru ned dryppet, men han sa at det var ingenting gale med fosteret. Problemet var meg, sa legen, at eg hadde for lita opning.

Keisarsnitt

Frå sjukehussenga registrerer ho at jordmødrene er blitt utrygge. Når legen skrur opp dryppet, skrur dei ned. Slik held dei fram. Klokka 23 blir det bestemt å ta keisarsnitt. Magnus blir født ein halvtime før midnatt.

  • Ein av legane sa at det var det dårlegaste barnet han hadde sett i løpet av sine 13 år som lege, seier Epland.

Magnus hadde avføring i lungene og på kroppen, samt blodforgifting med gruppe B-streptokokkar (GBS). Fostervatnet var sterkt misfarga og illeluktande. Guten vart lagt i respirator og rørte seg ikkje dei første fire timane.

Taust rundt bordet

To legar frå Rikshospitalet kom midt på natta for å vurdere om babyen skulle sendast til Oslo i Hercules-fly, men konkluderte med at han var for sjuk. Magnus døydde på nyttårsaftan etter intensivbehandling på Barneklinikken.

— Det var tragisk og heilt unødvendig at guten vår skulle døy, seier far Christian Pedersen.

Epland var alvorleg sjuk og låg på observasjonsposten i seks dagar.

— Både der og på Barneklinikken følte vi oss trygge og hadde ei oppleving av menneskeleg varme og empati.

Foreldra til Magnus hadde mange spørsmål etterpå. 11. januar, fire dagar etter gravferda, fekk dei møte alle involverte i fødselen på KK. Pasientombodet var med. Epland spurde kven som skulle leie møtet.

— Vi fekk til svar at det var naturleg at vi gjorde det sjølve, sidan det var vi som hadde tatt initiativet til møtet. Eg har ikkje opplevd maken.

Møtet opplevde dei som svært spesielt. Av sju tilsette tok berre ein av dei ordet.

— Resten var tause og så ned. Dei hadde vel fått munnkorg, seier Pedersen.

Epland meiner at det var mange teikn på at ho burde fått antibiotika: Feber, frostrier, langvarig fostervannsavgang, grumsete fostervatn, overtid.

  • Dette burde fått varselklokkene til å ringe. Korleis kunne legane ta så feil?

Fleire gonger har dei fått forklart at KK er svært restriktive med bruk av antibiotika av frykt for resistensutvikling

— Men ein kan ikkje vise til prinsipp og statistikk, når ein skal ta i mot eit barn! Hadde eg fått antibiotika, hadde truleg guten vår vore her i dag.