– Kombinasjonen fest, alkohol og lite bruk av kondom er ikkje god, seier medisinstudent Bjørn Ove Sætre i Medisinstudentane si seksualopplysningsteneste (MSO).

Ifølgje MSO-leiar Hanne Loe er auken i smittetilfelle større enn auken i talet på personar som testar seg. I fjor auka mengda av smitta aller mest blant ungdom mellom 15 og 19 år. Tjue prosent fleire i den yngste aldersgruppa testa positivt på klamydia i 2006 i høve til året før. Men det er aldersgruppa mellom 20-24 år som toppar statistikken.

Får ikkje symptom

Apotekar Eli Bjørke Hellerslien på Apotek1 merkar på salet av klamydiamedisin at sommarferien er over. Etter feriar og høgtider går salet opp, år etter år.

– Det verdt å bekymre seg over at fleire får klamydia. Er ein først smitta, er ein meir mottakeleg for andre kjønnssjukdommar, seier Hanne Loe.

Ifølgje MSO kan ein stor del av ufrivillig barnlause par vere det på grunn av klamydia. Berre 20-40 prosent av jenter som er smitta av bakterien får symptom. Mange kan gå i årevis utan å oppdage det.

– Me seier det om igjen og om igjen at folk må teste seg når ein byter sexpartnar. Dersom ein likar sex utan kondom best, må ein først sikre seg at begge er sjukdomsfrie, seier helsesøster Agnes Giertsen på helsestasjonen for ungdom og studentar på Engen.

Fryktar berre graviditet

På helsestasjonen strøymer ungdommar inn dørene etter at dei opna att etter ferien. Kvar kveld kjem mellom førti og femti ungdommar innom, i dei to og ein halve timane stasjonen er open, tre kveldar i veka.

– Alle som kjem før me stengjer klokka seks får hjelp. Men då vert det seine kveldar for oss som jobbar her, seier Marte Jørs, leiar for helsestasjonen.

Denne våren testa over 800 personar seg på stasjonen for klamydia, av dei 12,4 prosent positivt. For heile 2006 vart litt over tusen ungdommar testa.

Både helsesøstrene og medisinstudentane er klare i sin tale: Berre kondom hindrar sjukdom.

Bryt ned kondomtabu

– Ungdom er alt for dårlege til å bruke kondom. AIDS-trugsmålet er ikkje sterkt nok lenger. Klamydia er lett å handsame, og det er nok mange som tenkjer «det skjer ikkje meg», seier medisinstudent Marit Sandberg.

Studentane i MSO-Bergen brukar mykje tid på å gjere kondom vanleg og uproblematisk for tenåringar på skular kringom i Bergen.

– Det er nok frykta for å bli gravid som står lengst framme i hovudet. At fleire jenter brukar piller kan vere med på å auke klamydiatilfellene, seier MSO-leiar Hanne Loe.

Men medisinstudentane er samrøystes i at også studentane burde fått seg eit kondomkurs og to. Nede i Galleriets første etasje merkar apotekar Hellerslien at studentane er tilbake i byen.

Då studentane var tilbake tredje veka i august, selde apoteket 80 brukardosar angrepiller, mot 41 veka før og 52 veka etter.

– Dei bruker angrepille i staden for kondom. Det er synd. Med kondom kunne dei ha spart seg klamydia også, seier Eli Bjørke Hellerslien.

KONDOM-MISJON: - Ungdom er for dårlege til å bruke kondom, seier Hanne Loe (til høgre). Kring femti studentar i MSO-Bergen lærer ungdom å bruke kondom. Til venstre Liv Hapnes.
Høvik, Tor