– Trur du at du vil få nok å gjere dei neste fire åra på dette feltet?

– Ja, heile doktorgradsarbeidet er også inspirert av skriftlege svar som eg fekk av om lag hundre menn i ei spørjeundersøking som vi sende ut frå Norsk Folkemuseum på Bygdøy, der eg no har permisjon frå jobben som konservator. Det er veldig lite som er gjort på menn som skiftar namn, og eg trur at det ligg så mykje i den handlinga der at eg vil klare å fylle dei neste åra med arbeid. Eg er doktorgradsstipendiat i kulturvitskap ved Institutt for arkeologi, historie, kulturvitskap og religionsvitskap.

– Skifta du eller mannen din namn då de gifta dykk?

– Eg har tatt mannen min sitt etternamn som mellomnamn, og han har gjort det same. Eg heiter Line Førre Grønstad, mannen min heiter Dag Bjarne Grønstad Førre. Sonen vår har min kombinasjon, medan dotter vår har faren sin. Vi blei ikkje einige, og eg vann då vi slo krone og mynt om det.

– Kvifor gjorde de det på denne måten?

– Det var ingen av oss som ville bytte etternamn. Dersom ein skal ha eit felleskap i eit namn, må ein gjere ei endring. Eg trur nesten alle kvinner har eit medvite forhold til dette med namn når dei giftar seg. Dei som byter namn, er nok litt meir opptekne av tradisjonar.



– Veit du kor mange menn det er som tek kona sitt namn?

– Nei, vi har ikkje tal for det. Men i ei undersøking som Statistisk Sentralbyrå gjorde i 2003 av alle ekteskap inngått mellom 1980 og 2003, var det seks prosent av mennene som bytta etternamn. I same periode var det 80 prosent av kvinnene som tok mannen sitt etternamn. Nesten halvparten av dei hadde sitt opprinnelege namn som mellomnamn.

– Er det andre endringar du også skal studere?

– Ja, eg vil også inkludere andre type namneendringar av menn i ekteskap. Kombinasjonar av hans og hennar etternamn med bindestrek. Eg har også høyrt om tilfelle der begge har teke jentenamnet til mora til brudgommen, og slike variantar må eg også sjå på.

– Kva er det du vil finne ut av?

– Eg håpar å finne ut kva reaksjonar menn får når dei byter namn. Kanskje opplever dei at folk trur at det er kona som er den som bestemmer i forholdet, eller at dei er under tøffelen, sjølv om det ikkje er slik. Men eg er nyfiken på kva haldningar dei blir møtte med.

– Kva slags utdanning har du?

– Ein mastergrad i kulturvitskap og ein master i businessadministrasjon, ettersom eg er interessert i museum og trengde denne typen kompetanse. No har vi budd her i Berge sidan juli, men eg og mannen min traff kvarandre i baren på Kvarteret i 2003.

– Kva var det første du la merke til?

– Eg hugsar at han hadde ei skikkeleg stygg bukse, nærmast litt sånn raveaktig militærgrøn med ei tynn refleksstripe og glidelåsdetaljar. Det tok fleire år før han gjekk med på å kaste den. Men han har vakre, brune auge, men først etter at eg hadde vore eit år på utveksling i Sør-Afrika i 2005 blei det oss.