Det melder Kystradioen i dag.

Selskapet, som har overtatt ei rekkje bygningar på Herdla fort, skriv i si klage at byggje— og deleforbod framstår som irrelevant for den frådelinga Skifte Eiendom har søkt om.

Selskapet minner også om at vedtaket i komite for teknikk og miljø fører til at kommunen sjølv må setja igong reguleringsarbeid for eigedomen og at i forhold til ein slik plan må kommunen godkjenna frådeling.

Fungerande ordførar Åge Rosnes seier til Kystradioen at han gjerne vil ha ein dialog med Skifte Eiendom for å koma fram til ei løysing der ein unngår at området blir selt til kommersielle interesser.