— Eg er skuffa over at staten gong etter gong grip inn og fjernar statlege ressursaer og arbeidsplassar frå Odda-samfunnet, seier ordførar Gard Folkvord, (Ap). På vegnar av Odda kommune har han skreve og protestert til biskop Halvor Nordhaug og Bjørgvin bispedømmeråd. Ordføraren meiner Tyssedal og Odda-samfunnet ikkje har råd til å gje frå seg den eine av dei tre prestane dei har i kommunen.

Kyrkje for folk flest

— Er det ikkje nok med to prestar i ein liten og oversiktleg kommune som Odda?

— Dømer ein berre etter kor mange som vanlegvis går i kyrkja sundag formiddag, kunne ein tru at det er tilstrekkeleg med berre to prestar. Men kyrkja har ein sentral plass i Odda-samfunnet og blant oddingar flest. Vi bryr oss om kyrkja og vi ønskjer at kyrkja skal spela ei rolle i lokalsamfunnet. Det vil verta smertefullt for folk flest og for lokalsamfunnet om vi msiter den eine av prestane våre, seier ordføraren.

Folkvord peikar på at det store avstandar i Odda:- Vert den eine prestestillinga teken bort, vil dei to prestane som er att i praksis få heile kommunen som arbeidsområde. Dei skal tena kyrkjelydane i fire kyrkjer. Mellom kyrkja i Rødal og Tyssedal er det fem mil. Det er vert umogeleg å gjennomføra prestetenesta utan redusera talet for gudstenester i kyrkjene, Alternativet vil vera at vi stadig må be om hjelp frå prestane i nabokommunane, seier Folkvord.

Pilgrimsstad

I brevet peikar ordføraren på at kommunen har lagt vekt på å ha ein offensiv haldbning til kyrkjeleg arbeid. - Vi veit at Røldal er ein av dei mest sentrale pilgrimstadene i Noreg, seier ordførraen.

I brevet legg han vekt på at kommunen har lagt ned store administrative og politiske ressursar i arbeidet med å etablera pilgrimssenteret. Mellom anna er kommuenn med på å setja i stand Pilgrimsvegen som går frå Seljord i Telemark til Røldal. I dag har presten i Røldal og Skare sokn også pilgrimsprest i 20 prosent stilling. - Men dei knappe presteressursane leilinga i bispedømmet no legg opp til skal vera i Sørfjorden, kan det vera at prestane i framtida ikkje kan setja av så mykje tid til arbeidet som er knytt til Pilgrimssentert, seier Folkvord.

Opprørt er også folkvord sin forgjengar i m ordførarstolen, Toralv Mikkelsen. Ap-veteranen er leiar i Odda kyrkjelege fellesråd. I eit brev til bispedømmeleiinga stør han ordføraren. Samstundes er han kritisk til prosten i Hardanger si handteringa av saka. Prosten har alt før dei formelle vedtaka er gjort om at prestestillinga skal fjernast, hatt møte med dei andre sokneprestane for å fordela arbeidoppgåver som i dag ligg til soknepresten i Tyssedal.

- Forstår reaksjonane

Prosten i Hardanger, Arild Hellesøy, seier at han har merka seg kritikken:- Det er mi oppgåve å planleggja arbeidsåret og fordela arbeidsoppgåvene mellom prestane i prostiet. Eg kan ikkje venta til hausten med å leggja til rette for det komande arbeidsåret, seier han.

Seksjonsleiar Gunvor Taule Mjanger ved Bjørgvin bispedømmekontor seier at leiinga L bispedømet vil møta ordføraren og andre i Odda for å drøfta saka.

— Vi forstår reaksjonane, Men vi vil møta kommunalt og kyrkjeleg tilsette i Odda før vi gjev ytterlegare kommentara, seier ho.