— Etter vårt syn finst det ikkje bevis i denne saka. Det overraskar meg stort at statsadvokaten har teke ut tiltale, seier ungdomens forsvarar, Arne Gjeraker.

Syskenbarn

Aktor, statsadvokat Bjørn Kr. Soknes, meiner derimot saka er grundig etterforska. Både lokalt politi og Kripos har vore involvert.

— Det er gjort ei rekkje dommaravhøyr av barnet. Desse blir vist i rettssalen når saka tek til i Sogn tingrett 19. mai, seier statsadvokaten.

Overgrepa den unge sogningen er tiltalt for, skal ha skjedd for snart tre år sidan. Guten var då nett fylt 15 år. Han og jenta er syskenbarn, og påtalemakta meiner overgrepa har skjedd i situasjonar der dei to familiane var i lag.

Saka kom fram da jenta fortalde om det ho hadde vore utsett for til sine næraste. Dei gjekk deretter til politiet. Seinare er det gjort tre dommaravhøyr av jenta.

Skamplett

— Påtalemakta meiner tiltalte ved nokre høve har forgripe seg på jenta, seier Soknes. Han ønskjer ikkje å gå i detalj om tiltalepunkta, men seier at det ikkje er snakk om samleie.

Eitt av forholda ungdommen blei meld for, er lagt vekk. Årsaka er at det er tvil om han var over eller under den kriminelle lågalderen.

— Det ligg ikkje føre noko tilståing. Slik sett blir dette ei klassisk sak der retten må ta stilling til kven dei skal tru på, seier Soknes.

Forsvararen, advokat Arne Gjeraker, meiner påtalemakta ikkje har fnugg av bevis. Då bt.no omtalte saka første gong mellom jul og nyttår, sa advokaten at dette låg an til å bli ei sak ettertida vil sjå på som ein skamplett, omtrent som Bjugn-saka. Etter det Bergens Tidende kjenner til skal det ikkje liggje føre medisinske spor som kan tyde på at det har skjedd overgrep.

Splitta familiar

Før helga sende Gjeraker brev til Riksadvokaten. På vegner av sin klient klagar forsvararen på tiltalen. Han meiner politiet har ei altfor tynn sak som baserer seg på brotstykke av det jenta har fortalt om det som skal ha skjedd.

— Eg ber no Riksadvokatembetet vurdere tiltalen i lys av materialet som ligg i saka. Eg kan ikkje sjå at det finst det minste grunnlag for ein så alvorleg tiltale, seier Gjeraker.

— Kan rettssaka no bli utsett?

— Det veit eg ikkje.

Saka har ført til konflikt og djup splitting mellom dei involverte familiane.

— Det er ikkje tvil om at denne saka er ei veldig belastning, seier statsadvokat Soknes.

Rettssaka skal etter planen ta til i Sogn tingrett 19. mai. Det er sett av ei heil veke, og store delar av forhandlingane kjem til å gå bak stengde dører.

— Det skal førast mange vitne frå familiane. Avspeling av dommaravhøyra vil også ta mykje tid, seier Bjørn Kr. Soknes.

Tenåringen er tiltalt for seksuell omgang med barn under ti år. Tiltalen har ei strafferamme på over seks år.