Det er dei pårørande som har varsla Helsetilsynet om det dei meiner er sterkt kritikkverdig behandling av sin eldre slektning. Klagen er retta mot ein namngjeven sjukepleiar. Forholda som er påklaga skal ha skjedd ved ein kommunal institusjon i Fjordane.

— Vi har opna tilsynssak. Det første vi gjer er å hente inn informasjon frå dei ulike partane som er involverte i saka, seier fungerande fylkeslege Einar Hovlid.

Tvang

Etter det Bergens Tidende kjenner til inneheld klagen fleire element. Det mest alvorlege er bruken av det pasientens næraste meiner er urettmessig tvang. Dette går tilbake til eitt tilfelle der slektningane hevda at den eldre familiemedlemen hadde blitt bunden fast til ein stol.

Men klagarane har også reagert på andre sider ved framferda til pleiaren. Dei meiner dessutan helsepersonellet har gått ut med opplysningar om den eldre pasienten på ein slik måte at det bryt med teieplikta.

Fylkeslegen er svært varsam med sine kommentarar, og ønskjer ikkje å vurdere kor alvorleg dei ser på saka:

— Dette er ei sak vi har fått inn no nyleg. Så tidleg i sakshandsaminga ønskjer eg ikkje å kommentere det.

Ber om tilsvar

Helsetilsynet i Sogn og Fjordane har no kontakta både den aktuelle kommunen og sjukepleiaren.

— Vi har i første omgang bedt den påklaga pleiaren kome med eit tilsvar. Dessutan har vi bedt om kommentar frå kommunen. Vi er også i ferd med å hente inn andre opplysningar, eksempelvis pasientjournalar, seier Einar Hovlid. Han fungerer som fylkeslege i Sogn og Fjordane i fire månader framover.