SEFO, det særskilde etterforskningsorganet i politisaker, har innstilt på at saka blir lagt vekk. Men før deira tilråding blir oversendt statsadvokaten, har den tidlegare sikta mannen 14 dagars frist til å komme med merknader.

— Den vil vi bruke. Vi meiner politiet kunne stilt kontrollspørsmål som både kunne avverga heile utrykkinga, eller ført til at aksjonen hadde blitt stoppa undervegs, seier mannens advokat, Malin Rygg.

Natt til 22. desember fekk politiet telefonar som gjorde at dei frykta ein alvorleg familiekonflikt i husværet. På veg mot bustaden høyrde to tenestemenn ein lyd dei oppfatta som eit ladegrep. Dei to sprang vekk, og det blei slått full alarm.

Tidleg om morgonen omringa væpna politi iført kamuflasjeklede, hetter og skotsikre vestar bustadhuset i Sogndal sentrum. Men etter å ha gjennomført ein fleire timar lang aksjon og skremt opp folk i nabolaget, fann dei berre mannens sambuar sovande i huset. Mannen politiet trudde hadde forskansa seg, hadde forlate huset lenge før dei to første tenestemennene kom dit. Han overnatta hos ein kamerat.

Vegg i vegg med leilegheita der kvinna låg, bur mannens foreldre og ein yngre bror på 12 år. Det var 12-åringen som oppdaga dei væpna politifolka. Han gjekk ut på altanen om morgonen, og såg rett på ein maskert mann væpna med maskinpistol. Guten måtte ha legehjelp etter opplevinga.

— Vi er skuffa over at SEFO etter vårt syn verken har vurdert grunnlaget for aksjonen eller framgangsmåten. Vi meiner politiet ved fleire høve og på fleire måtar kunne kontrollert grunnlaget for aksjonen. Dette kjem vi til å understreke overfor statsadvokaten, seier advokat Rygg.

Rygg legg ikkje skjul på at ho meiner noko så enkelt som ein telefon til mannens foreldre ville avklara situasjonen.

Advokaten utelukkar ikkje at dei vil forfølgje saka dersom statsadvokaten følgjer rådet frå SEFO.

— Men det vil vi først ta stilling til når vi ser kva konklusjon statsadvokaten kjem til.

Etter politiaksjonen blei mannen sikta for lekamskrenking på sambuaren. Men denne siktinga har politiet no lagt vekk.