Fylkesmannen i Sogn og Fjordane kritiserer kommunen.

Frå stovevindauget ser Olga Burdahl rett over gata til inngangsdøra til Nobel Pizza i Høyanger. Avstanden er ikkje særleg meir enn godt ti meter. Litt lenger frå ligg huset til Svein Arne Forfod med soverom mot Nobel-lokala. Saman med fire andre husstandar har dei like sidan 1998 klaga på bråk frå serveringsstaden på kvelds— og nattetid.

— Vi veit kva det vil seie å leve med støy. Det finst folk som har budd her i 40 år, utan at vi nokon gong har tenkt på å klage. Men ingen ting kan samanliknast med det som har vore etter at serveringsstaden opna, seier Burdahl.

Skildra ikkje ulempene

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane gav i haust naboane fullt gjennomslag, og kjem med sterkt kritikk av måten Høyanger kommune har handtert saka på.

— Vi meiner utestaden no må stengjast til dei punkta Fylkesmannen har påpeika er ordna. Skjer ikkje det, så fungerer rett og slett ikkje lovverket, seier Forfod.

Serveringsstaden held til i det som før var lokala til Sogn Dagblad, avisa som blei lagt ned i 1997. Bygget ligg med store glasfasadar mot eit eldre etablert bustadområde i sentrum. Same året som avisa gjekk inn, blei det gitt mellombels serveringsløyve for tre år. Kommunen tok fleire atterhald, men undersøkte ikkje om noko hadde skjedd då dei tre åra var gått.

Høyanger kommune har tidlegare gitt løyve til varig bruksendring for bygget frå kontor/forretning til serveringsstad. Fylkesmannen har no underkjent vedtaket, og kjem samstundes med klar kritikk av kommunen. Det blir påvist ei rekkje feil og manglar i sakshandsaminga. Kommunen har ikkje skildra ulempene som vil slå inn for naboane med ei bruksendring. Dei har heller ikkje imøtegått påstandane frå naboane om støynivå, og vurdert kva for konkrete vilkår som må til for at tolegrensa for støy ikkje blir overskriden.

— Det er sjeldan å sjå ein så klar konklusjon, meiner advokat Robert Fonn som representerer naboane.

- Barnebarn vaknar

Det er i samband med diskotek eller når orkester spelar til dans i helgane at naboane har hatt størst plager. Lyden frå musikken går gjennom glasfasaden. Og kvar gong inngangsdøra som vender mot bustadområdet slår opp, merkar dei lyden ekstra sterkt. Når det er slutt, samlar Nobel-gjestene seg på gata mellom buområdet og restauranten.

— Musikken startar gjerne i ellevetida om kvelden då eg tenkjer på å gå til sengs. Så toppar det seg etter stengjetid. Eg har opplevd at barnebarn på besøk vaknar, seier Burdahl.

Naboane har på privat initiativ målt lydnivået. Ei måling for nokre år sidan viste at lyden varierte frå 75 til over 80 decibel inne i huset som ligg nærast. No i jula blei det mål 55-60 decibel inne på eit soverom i nabolaget. I føresegner om støy blir det rådd til at nivået ikkje må overstige 40 decibel ved vegg på utsida av soverom.

Fylkesmannen understrekar at kommunen har ansvaret for å få dokumentert korleis støyforholda til kringliggjande naboar kan bli forsvarlege. Dette må kommunen få på plass før det kan takast stilling til om bygget kan brukast til serveringsstad.

HEIDI HATTESTEIN