Den eine stasjonen måtte liggja i synsavstand frå neste. I ei tid der datateknologien formidlar beskjedar jorda rundt på sekundar, virkar tre timar på å få fram ei viktig melding frå Vestlandets hovedstad til hovedstaden rimeleg fossilt. Men i 1808 var klaffetelegrafen eit effektivt forsvarsverk til bruk mot innpåslitne engelskmenn under Napoleonskrigen. — Ved hjelp av ei rekkje ulike signal varsla desse telegrafane om skip på veg inn til kysten. Melding nummer tre fortalde at det var krigsskip undervegs. Kom melding nummer fire opp, var det fare på ferde. Den viste at skipa ein såg var fiendtlege, seier Torleif Meling. Under dansk flagg Meling har vore pådrivar for å gjenreisa ein av desse klaffetelegrafane, og i går var det stor stas og mange til stades for å sjå dette forsvarsverket på nært hald ved Stornesvarden i Sønstabøvågen på vestsida av Bømlo. Her var ein av tre hovedstasjonar for klaffetelegrafen på Bømlo. I tillegg var det seks repeterstasjonar på øya. I går vaia det danske flagget frå toppen av masta med den gjenreiste telegrafstasjonen, og dei seks klaffene som utgjer signalsystemet kan stillast i ulike posisjonar og såleis visa ulike meldingar. Historisk klenodium - Me har eit historisk klenodium å visa fram her i dag, og eit tema å formidla. Det er underleg at dette varslingssystemet ikkje har fått større plass i historiebøkene, og i folketradisjonen. Denne klaffetelegrafen er ein tidsmaskin som tar oss med til ein viktig del av forfedrane sitt liv, sa Torleif Meling då telegrafen frå Napoleonskrigen blei markert opna. Det var tre slike signallinjer langs kysten. Ei frå svenskegrensa til Kristiansand, ei frå Hidra ved Flekkefjord til Fedje, og ei frå Stadlandet til Trondheim. - Ved hjelp av klaffetelegrafen blei generalen på Bergenhus varsla om eventuelle fiendtlege skip, og den telegrafen som er gjenoppbygd her på Bømlo er den første som er reist i vetslandsregionen frå Hidra til Fedje. Det var ein stad mellom 260 og 270 slike stasjonar totalt her til lands, og 1100-1200 mann måtte til for å betjena dei. I den lyse årstida var stasjonane betjent frå ein halvtime før soloppgang til ein halvtime etter, seier Harald Runde frå Norsk Telemuseum. Mangla pengar 5. april 1808 var telegraflinje vest operativ, og klaffetelegrafane var i bruk til 1814. Då Napoleonskrigen var over, var det også over og ut for dette militære signalsystemet. Etter krigen var statskassen tom, og det var ikkje pengar til å nytta telegrafen til sivilt bruk.- Det var på tale å ta det i bruk igjen kring 1850, men då tok dei elektriske telegrafane til å koma og dermed blei det med denne realtivt korte virkeperioden for eit særprega varslingssystem, seier Terje Norli frå Norsk Telemuseum. På Bømlo finn ein også det første huset telegrafverket her til lands bygde. Det er i dag lokalt telemuseum, plassert like ved Kulleseidkanalen på Finnås.