• Kjusa Gud, tenkte eg, han har ikkje berre elende å sjå på, der han sit og overvakar verda frå posten sin i himmelen.

— Kjusa Gud, tenkte eg, han har ikkje berre elende å sjå på, der han sit og overvakar verda frå posten sin i himmelen. Treng han, og det treng han nok, kvila augane på anna enn granathol og fyllingar og eksos og hungersnaud og flyktningstraumar og drivhusgassar og terrormål, kan han til dømes venda blikket mot Åstveit og det nyopna idrettsanlegget som ligg der og funklar som eit blågrønt smykke i vintersol.

Menneskeleg skaparkraft kjenner knapt grenser. Ikkje alt vi skaper, er av det gode, men sanneleg er det mykje fint og nyttig menneskehanda får til med utgangspunkt i berg og furuskog óg.

Mangt har vi misbrukt, mykje har vi øydelagt og sett på spel, men eg trur Vårherre må tenkja at det finst håp og det finst godleik mellom menneska når han ser at slikt kan veksa fram av ura.

Bergens Tidende