Varene frå Nordfjord Kjøtt i Stryn blir mellom anna distribuert gjennom Rema 1000-butikkar over heile landet.

På etiketten legg produsenten stor vekt på den lokale tilknytinga, men unnlet å nemne at dei faktisk importerer kjøt frå land som eksempelvis Botswana og Polen.

«Stolthet og kultur»

«Innerst i Nordfjord finnes helt naturlige forutsetninger for å produsere godt kjøtt. Og vi på Nordfjord Kjøtt legger vår stolthet i å ta vare på denne kulturen.»

Sitatet er henta frå etiketten påklistra ei surra oksesteik BT fann hjå ein av Rema 1000-forretningane i Førde i går. Men oksesteikene i butikken er ikkje merka med noko som helst opphavsland, slik produsenten er pålagt dersom kjøtet er norsk.

Ei heller er den merka med noko anna opphavsland, slik Kjøttbransjens Landsforbund tilrår sine medlemmer, inkludert Nordfjord Kjøtt, å gjere. Pålegget om opphavsmerking av importkjøt kjem først ved nyttår, men Nordfjord Kjøtt har ikkje følgt oppmodinga frå Kjøttbransjens Landsforbund om å starte merkinga allereie no.

Dermed blir konklusjonen at oksesteika BT fann i butikken, i og med den manglande merkinga, må vere importert.

Men Nordfjord Kjøtt let deg altså ikkje få vite kvar kjøtet stammar frå.

Glipp med merkinga

Direktør Torleif Roksvåg i Nordfjord Kjøtt stadfestar at bedrifta har importert mellom åtte og tolv tonn afrikansk kjøt den siste månaden, men blir taus når vi konfronterer han med den umerka oksesteika.

For Roksvåg hevdar at det afrikanske kjøtet utelukkande er blitt brukt i farseprodukt som kjøtkaker, pølser etc. Varer av denne typen har ikkje så strenge merkingsreglar som reint biffkjøt. Roksvåg treng tid til å sjekke saka. Ein time seinare ringer han tilbake.

— Dette er ein glipp av oss. Det har skjedd ein feil med printeren på merkestasjonen vår. Den umerka oksesteika er norsk, kan Roksvåg då opplyse.

— I så fall er dette ein type kjøt de er pålagt å merke med opphavsland?

— Det stemmer. Men vi var ikkje klar over feilen før du påpeikte den, seier Roksvåg.

— Vi kan berre beklage denne glippen. Roksvåg fastheld at Nordfjord Kjøtt ikkje har sendt afrikansk kjøt på marknaden i «rein» form, men kun brukt det som ingrediens i blandingsprodukt.

Umerka importkjøt

Men hjå Næringsmiddeltilsynet i Stryn får BT stadfesta at Nordfjord Kjøtt også har sendt på marknaden importert biffkjøt. Utan at det er merka med opphavsland.

Roksvåg meiner dette må vere snakk om eit parti på fire tonn polsk kjøt som verksemda produserte tidlegare i haust.

— Det stemmer at vi har produsert biffstrimler av polsk kjøt, og at dette ikkje vart merka med opphavsland, seier han.

Dette er stikk i strid med kva kjøttbransjen tilrår sine medlemmer. Totalt blir 2700 tonn utbeina storfekjøtt importert til Norge frå Botswana og Namibia, og ifølgje næringsmiddeltilsynet er kvaliteten utmerka. Men bransjeorganisasjonen vil uansett at alt skal merkast med opphavsland, oppforingsland og slakteland.

— Dette har vi forfekta overfor våre medlemmer, seier assisterande direktør Bjørn Ole Juul-Hansen i Kjøttbransjens landsforbund.

MANGLAR MERKING: I det opne feltet på etiketten skulle det stått kvar dette oksekjøtet kjem frå. Men ved ein glipp har Nordfjord Kjøtt ikkje merka den surra oksesteika.
Foto: Oddleiv Apneseth