– Dei var interessert i lokale kjøtprodukt, og då kom konsertarrangøren til vår butikk i Bergen med raideren frå bandet. Musikarane er veldig spesifikke på kva dei vil ha, og me har vore nødd til å tøya oss litt for å få det til, seier Odd Ohnstad ved Haugen gardsmat til Sogn Avis.

Han får ikkje gå ut med detaljar om kva dei har tinga, men det er liten tvil om at dei aldrane herrane skal meska seg med herleg spekemat frå Flåm før eller etter konserten.

– Eg har jo tidlegare servert våre produkt for dronninga, og ho har vist spesiell interesse for spekeskinka vår. Å levera til Rolling Stones hadde eg ikkje venta. Men eg er ikkje redd for at dei vil rynka på nasen av det dei får servert, for kjøtprodukt frå Indre Sogn finst det ikkje like til, seier Ohnstad.

– Trur du at dei vil bli ekstra oppglødd med litt av din spekemat i magen før konserten?

– Dei heldt seg jo godt, men kanskje dei treng ein liten vitamininnsprøyting for å halda koken, svarar Ohnstad.