Det var i Førde sentrum ein tidleg laurdag ettermiddag i oktober i fjor at mannen kjøpte seg ei flaske konjakk. Flaska spretta han alt på veg til bilen som var parkert like ved, og inne i bilen tok han ytterlegare nokre solide slurkar brennevin.

Ustø gange

Deretter spaserte han til ein pub like ved, tok seg ein liten halvliter øl, for deretter å returnere til bilen for meir flaskekonjakk.

I retten vitna eit ektepar om at dei såg mannen — på dette tidspunktet prega av heller ustø gonge/gå - sette seg inn i førarsetet på den parkerte bilen. Dei frykta at 46-åringen skulle kjøre, og forklarte at dei begge såg han starte opp bilen, rygge ut og kjøre nokre få meter før han stoppa opp. Da gjekk eine vitnet straks bort og bad han avslutte kjøreturen. 46-åringen gjorde dette og forlèt bilen.

Ekteparet vart ståande litt for å forsikre seg om at den synleg rusa mannen ikkje kom tilbake for å prøve på nytt. Og berre nokre minuttar seinare kom han tilbake og sette seg inn i bilen igjen. Da varsla vitna politiet.

Innan politiet kom hadde 46-åringen igjen forlate bilen og forsvunne i retning pub'en.

Nekta for kjøring I retten forklarte tre andre vitne at 46-åringen var nokre ærend borte i bilen - men at dei ikkje hadde sett han kjøre. Tiltalte sjølv erkjende å ha vore både på pub og bak rattet i bilen, men nekta for å eingong ha hatt framme tenningsnøkkelen.

Blodprøve tatt av mannen to timar etter episoden viste at promillen minst må ha vore på 2,5.

Retten festar lit til dei to vitna som stod nærast, og som hadde størst grunn til å følgje med kva tiltalte foretok seg. Tingretten peikar vidare på at det er snakk om svært høg promille, at 46-åringen tidlegare er domfelt for promillekjøring og at det skjedde midt i sentrum på eit tidspunkt med mykje trafikk.

Konklusjonen er ein dom på 30 dagar i fengsel, 25.000 kroner i bot og for alltid tap av retten til å føre motorvogn.

— Min klient forklarer at han ikkje kjørte i det heile, og vitneforklaringane spriker på dette punktet, seier mannens forsvarar, advokat Louis Anda. - Han har gjeve meg i oppdrag å anke denne dommen.