Han er i Fjordane tingrett i tillegg dømd til å betala 8000 kroner i bot.

Det var i januar i år at den 20 år gamle mannen bestilte 19 gram såkalla cubafleinsopp på internett, og fekk det tilsendt frå Nederland. Cubafleinsopp er eit hallusinogen som står på narkotikalista. I tillegg brukte 20-åringen hasj jamleg over ein lengre periode, og kjøpte i mars ti gram hasj.

20-åringen innrømte alle forhold i retten, og saka blei derfor avgjort ved tilståingsdom.

I formildande retning har retten lagt vekt på at det dreier seg om innførsel av få brukardosar fleinsopp til eige bruk. Retten ser det også som formildande at 20-åringen tilsto alle forhold og at han tidlegare er ustraffa.