Som rådmann i Rælingen kjøpte han nye kontormøblar for 200.000 kroner.

— Totalt vart det innkjøpt møblar for rundt 168.000 kroner. I tillegg vart det gjort investeringar for rundt 40.000 kroner på eit felleskjøken i tilslutning til rådmannskontoret, seier informasjonskonsulent Per Erik Fallet i Rælingen kommune.

Blant møblane som Bolstad skaffa seg på rådmannskontoret var ein Walter Knoll arbeidsplass til 36.000 kroner, eit bord til 16.100 kroner og hyller som kosta 15.000 kroner. Til felleskjøkenet vart det kjøpt inn kjøleskap med ismaskin til 20.000 kroner og eit spisebord til om lag same pris. Walter Knoll er same merket som Bolstad valde til kontoret i Førde.

Møbelkjøpet i Rælingen vekte oppsikt og lokalavisa Romerikes Blad skreiv om det. Men innkjøpet fekk aldri noko etterspel i dei kommunale organa.

— Vi trong nye møblar til rådmannskontoret. Møblane som rådmannen fekk kjøpt inn, var sterkt nedsett. Dei er framleis i bruk. Dei er slitesterke og ergometrisk rett tilpassa for brukarane, seier tidlegare ordførar Margarita Rambøl.

Det var ho som var ordførar då Bolstad vart tilsett. Rambøl har berre godord å seia om den tidlegare administrasjonssjefen i kommunen

Ho legg også til at rådmannen fekk gjort ei ommøblering på rådmannskontoret slik at det fysiske arbeidsmiljøet vart betre

— Bolstad er ein dynamisk leiar. Han er flink til å skjere igjen om i vanskelege saker og er ikkje redd for å ta upopulære avgjerder.

Mellom anna understrekar ho at Rælingen som kommunar flest, hadde etter måten trong økonomi dei åra Bolstad var tilsett i kommunen.

— Han var dyktig til å få orden på kommunebudsjettet, seier ho.

— Rælingen mista ein god rådmann då han slutta. Synd var det og at han tok med seg to flinke medarbeidarar i til stillinga i Førde, meiner den tidlegare ordføraren frå Høgre.

Sparing er då også eit omgrep som går att i sakene som finst i Romerikes Blad om Rælingen kommune i den perioden Bolstad var rådmann der.

Ei anna sak som vert hugsa var eit høve der rådmannen nekte ein representant for eldrerådet å reisa på kurs. Rælingen kommunes utgifter ville verta 2600 kroner. Det syntest rådmannen vart for dyrt.