Dette ser ut til å vera konklusjonen etter møtet i Odda tysdag mellom Riksantikvaren, Hordaland fylkeskommune, Odda kommune og næringsinteressene rundt smelteverkstomta.

Fylkeskonservator Per Morten Ekerhovd er nøgd med utfallet av tysdagens møte.

— Vi fekk lufta både posisjonar og frustrasjonar, deretter gjekk vi over til den konstruktive fasen, seier Ekerhovd til BT.

Odda-ordførar Gard Folkvord brukar ord som «krevjande» og «konstruktivt» om møtet tysdag.

Kva vil Holme?

Det store spørsmålet galdt plassering av eit kjøpesenter på smelteverkstomta. Gard Folkvord har ikkje heilt gjeve opp tanken på eit slikt senter rundt cyanamidfabrikken, i nordenden av tomta og nær inntil dagens bykjerne i Odda.

— Eg har sendt brev til riksantikvar Jørn Holme og bede om ei avklaring på kor mykje han vil freda av cyanamiden. Truleg vil han freda meir enn det som ligg i vår reguleringsplan for området, men han har ikkje sagt kor mykje. Kanskje let det gjera likevel å utvikla eit kjøpesenter ved cyanamiden, men eg innser at sjan-sane er små, seier Folkvord.

Må bruka litt tid

Han er likevel glad for at alle partar er innstilte på at eit kjøpesenter skal byggjast på smelteverkstomta. Og på møtet i dag vart det semje om å gå i gang med ei utgreiing for ulike måtar å gjera dette på. Hovudvekta vert lagt på ei utvikling i sørenden av tomta, altså rundt karbidfabrikken.

— Vi må bruka litt tid no på å finna ut kva som skal skje vidare. Eg er også glad for at investorane framleis er med på dette arbeidet, seier Folkvord.

— Korleis ser det ut for ein mogleg riksveg over smelteverkstomta?

— Det må vi ta opp med Statens vegvesen. Der har vi tidlegare fått høyra at eit kjøpesenter på den sørlege delen av smelteverkstomta truleg ikkje let eg kombinera med riksveg over tomta.

Ny reguleringsplan

Eit flytting av planar frå nord- til sørenden av smelteverkstomta betyr også at Odda kommune må i gang med ein ny reguleringsplan. Gard Folkvord erkjenner det med eit sukk.

— Vi brukte lang tid og la ned utruleg mykje arbeid på den reguleringsplanen som ligg der no. Men dersom Riksanti-kvaren held det han har lova, og leverer sitt vedtak til freding i mars, så veit vi kva vi har å halda oss til. Då kan arbeidet med ein ny reguleringsplan gå raskt unna, seier Odda-ordføraren.

Når det gjeld Odda Smelteverk sin plass i ein søknad om verdsarvstatus, trur Ekerhovd at Riksantikvaren er innstilt på å freda så mykje som nødvendig, og særleg av cyanamiden, for å fortena ein slik status.

Holme gjer det sjølv

Fylkeskultursjef Anna Elisa Tryti protesterte skriftleg mot kravet frå Riksantikvaren om at ho skulle framskaffa kostnadsoverslag for freding av Odda Smelteverk. Tryti meinte det var upassande å blanda spørsmål om kostnad inn i eit sak om freding av kulturminne.

— No har Riksantikvaren meld frå til oss om at han tar den jobben sjølv, seier fylkeskonservator Per Morten Ekerhovd.

Riksantikvar Jørn Holme var sjølv ik-kje til stades i Odda tysdag. BT lukkast ikkje i går å få kommentar frå Holme til denne saka.

Trur du dette er ei god løysing?