— Folk skal raskt sjå at det skjer noko her. Me vil gå i gang med restaurering like etter me overtek 15. august, seier Per Øyvind Sævartveit, som representerer den lokale investorgruppa Notus Eiendom AS.

Sævartveit lovar kontorlokale og næringsareal på smelteverksområdet. Det mest konkrete så langt er planane om eit kjøpesenter på 15.000-20.000 kvadratmeter i området nærast sentrum.

— Om kjøpesenteret blir i nybygg eller i eksisterande bygg er ikkje avklart, begge delar er mogleg. Me har fleire interessentar, seier Sævartveit.

Ifølgje NRK har gruppa betalt 15 millionar kroner for tomta. Denne summen vil Sævartveit ikkje stadfeste eller avkrefte.

Sidan konkursen i 2002 har spørsmålet om den store smelteverkstomta, som tek halve Odda sentrum, gitt oddingane mange grå hår. Byen er splitta mellom vern av området, og «riv heile skiten». Så langt har Odda kommune allereie overteke sju bygningar.

Arbeidet for offentleg overtaking av tomta var godt i gang, med ei tredelt løysing mellom kommunen, fylkeskommunen og staten. No kan kommunen avlyse denne saka, utan at rådmann Finn Kristoffersen er lei seg for det.

— Me er glade for å forholde oss til ein grunneigar i staden for eit konkursbu der dei ansvarlege sit på gjerdet. Det var ein uhaldbar situasjon. Poenget vårt er ikkje å sitje med eit stort område, me ønskjer å styre gjennom reguleringsplanar, seier Kristoffersen.

Dei nye eigarane av Odda sentrum kjøper ut frå eit ønske om å skape noko nytt i Odda.

— Me vil ha ein betre prosess på det vidare løpet på tomta enn det det har vore til no. Så langt har det vore for mange luftige diskusjonar utan grunneigarar med klare mål, seier Sævartveit.

Han meiner dei nye eigarane av smelteverkstomta utgjer eit kompromiss mellom framtidig bruk og vern av tomta.

Kva som vert utfallet frå den nye reguleringsplanen, og om dei gamle fabrikkbygningane får status som verdsarv gjennom UNESCO, vil eigarane forhalde seg til etter kvart.

Planane om kjøpesenter, meiner dei er uavhengig av UNESCO. Det er også fylkeskonservator Per Morten Ekerhovd til ein viss grad samd i.

— I seg sjølv er det ikkje noko i vegen med kjøpesenter i bygningane, mange av bygga er store og funksjonelle. Ein må finne måtar for ny bruk av bygga, det heile kjem an kva type endringar som må gjerast, seier Ekerhovd.