JOHN LINDEBOTTEN

— Vi har vore altfor slepphendte med byggjeløyve i strandsona, vi også. Og det er stor mangel på offentleg tilgjengelege badeplassar, seier fungerande ordførar i Fjell, Arbeiderpartiets Espen Villanger, til Bergens Tidende. Han opplyser at kommunen har sett av 500.000 kroner til hyttekjøp kvart år. Den fyrste halve millionen ligg inne i budsjettet for 2004, men er ikkje brukt enno.

— Med dei hytteprisane vi har høyrt om i det siste frå Sotra, får de ikkje rare greiene for ein halv million?

Spleiselag

— Det er rett. Men får vi til eit spleiselag, kjem vi lenger. Vi vil samarbeida om dette med Bergen og omland friluftsråd og Direktoratet for naturforvalting. Dei har ikkje uavgrensa med pengar dei heller, men dei kjøpte for kort tid sidan ein hytteeigedom her på Bildøy for ein million kroner, med eit mål tomt. Ein million var det lengste dei kunne strekkja seg. Dersom vi kjem inn med vår halve million i tillegg, når vi lenger. Dessutan trur eg og vi skal få næringslivet med på dette spleiselaget. Eg har alt snakka med Sparebanken Vest om dette. Kvar einaste kommune med liknande problem som oss burde gjera det same, seier Villanger.

Gangavstand

Bakgrunnen for denne kommunale kjøpelysta, er altså det harde presset på det som enno finst att av friområde langs sjøen i dei sentrale delane av Fjell kommune. På Bildøy, med kommunesenteret Straume, er presset aller størst. Der var kommunen ute alt for eit par tiår sidan og sikra seg ei lita halvøy der det er lagt til rette med ballbaner og badestrand. Men det trengst meir.

— Målet vårt er at dei som bur i Straumeområdet skal ha ei offentleg badestrand innan gangavstand, seier Espen Villanger.

Handla raskt

— Skal kommunen gå på jakt i salgsannonsene no då?

— Vi vil kopla inn Bergen og omland friluftsråd, der er eg no forresten vald inn som styremedlem. Friluftsrådet forstår seg best på kva som er verd å satsa på. Så må vi i kommunen leggja til rette slik at avgjerd om kjøp kan takast snøgt og utan tidkrevjande sakshandsaming. Det kan for eks. eigedomssjefen ta seg av.

— Strand og svaberg og badeplass, det er greitt. Men kva har de tenkt å gjera med hyttene?

— Vi vil gjerne nytta dei til turar for t.d. barnehagar og skuleklassar. Ansvaret for vedlikehaldet av hyttene vil liggja på friluftsrådet, som vil stå som eigar, seier Espen Villanger.

KJØPELYST: - Det er viktig at folk flest, og ikkje berre hyttefolket, har lett tilgang til strandsona og til gode badeplassar, seier fungerande ordførar i Fjell, Espen Villanger. FOTO: PAUL SIGVE AMUNDSEN.