— Dette er dønn seriøst, understrekar den fargerike sunnfjordingen, kjend for sine mange påfunn.

I sommar køyrde handelsmannen frå Stavang, som i følgje reklamen for sin eigen forretning «fører rått og rote», vannscooter til Murmansk. Planen var å køyre sjøvegen like frå Kirkenes til den nord-russiske storbyen, men det sette norsk politi ein effektiv stoppar for. I Norge er det forbode å køyre vannscooter, så Haave måtte frakte scooteren med bil over grensa. Men deretter gjekk det så det susa vassvegen til Murmansk.

Haave vekte åtgaum i Murmansk, og både aviser og fjernsyn omtala den eksentriske nordmannen. Heim att kom Haave utnemnd til «æresadmiral», og iført ei admiralsuniform han fekk i gåve.

Rundt 100.000

Det var under eit besøk i den avstengde byen Severomorsk, ei av dei største u-båthamnene på Nordkalotten, at Haave i sommar lufta tanken om å få kjøpe ein utrangert undervassbåt.

— Like godt som botnventilen blir opna, kan eg få kjøpe ein, var argumentet Haave nytta.

Og frå den russiske marinen kom positive signal.

— For den russiske nordkommandoen er gamle u-båtar problemavfall. Dei var slett ikkje uvillige, og såg i grunnen ikkje noko hindringar.

— Kor mykje kostar det å bli u-båteigar?

— Vi snakkar om ein relativt beskjeden sum. Neppe meir enn 100.000 kroner for ein doning på 40-50 meter, opplyser Haave.

Utan atomvåpen

Flora-mannen understrekar at det er langt fram. Akkurat no arbeider han med å skaffe løyve til å importere ein slik farkost. Han understrekar at u-båten han skal kjøpe berre har ført konvensjonelle våpen:

— Vi snakkar om eit dieseldrive fartøy som aldri har hatt atomvåpen om bord.

Tanken om å starte fjordsafari med u-båt fekk Haave då han for nokre år sidan besøkte eit europeisk leikeland der ubemanna u-båtar på skinner var ein av hovudattraksjonane.

— Det slo meg at noko slikt måtte gå an å få til i Norge. Så vidt eg veit ligg det kring 200 båtvrak mellom Stavang og Måløy. Det er klart det er mange attraksjonar under sjøoverflata.

Eksklusivt

Sjølv har han lufta tanken for åtte-ni kameratar som han trudde ville tenne på opplegget. Fire av dei svara beinast ja. Så langt har han sikra seg maskinistar, men manglar navigatør og skipper.

— Eg vil aldri kunne klare å drive noko slikt åleine. Eg har meir enn nok å stelle med frå før. Eg er avhengig av å få med folk skal eg få denne u-båten i hamn, seier Haave.

Til Bergens Tidende seier Haave at ein tanke som er diskutert er å etablere fjordsafari som eit eksklusivt tilbod for rikfolk.

— Når folk kan tenkje seg å betale 100 millionar for ein tur til månen, så...

Til våren

Dersom importløyve går i orden, og han får fartøyet til Stavang, er berre halve jobben gjort.

— Heile båten må reinskast, pussast opp og byggjast om. Og vi må ha inn glas slik at folk kan sjå ut. Det er trass alt halve vitsen.

Kor mykje slikt kan komme til å koste, har ikkje Anders Haave skjenkt så mange tankar enno.

— Det viktigaste no blir å få ein konkret u-båt på hand, og få han til landet.

— Kor tid kan du gjere dine første dykk?

— Vi snakkar nok tidlegast om neste vår.

FRAMTIDIG U-BÅTEIGAR: Anders Haave i Severomarsk i sommar. I ei av dei viktigaste hamnene for den russiske nord-kommandoen fekk Haave positive signal på tanken om å kjøpe ein utrangert dieseldriven u-båt.
FOTO: PRIVAT