• Her ha' me da godt. Ditta tebodet må dei aldri ta frå oss. Og han Bjørn, ja, han e' ein engel, seier Anders Andersen (82). Det meiner dei andre på Lindåstunet og.

Anders og 10-12 andre på omtrent same alder nyt dagen på Lindåstunet. Utsynet mot vest er storfelt, med Lindåsosane, Lygra og Radøy i bakgrunnen.

At Anders og dei andre får vera her, skuldast offervilje og dugnad frå mange einskildpersonar i Lindås-bygda. Kommunen har ikkje råd til å gje ei einaste krone i stønad. Tvert om, Lindåstunet betalar husleige til kommunen. 100.000 kroner i året. Men han Bjørn og dei andre står på.

— Eg må vedgå at det har vore ein del tunge stunder. Men arbeidet med dei eldre gjev så mykje att. Dei er så takksame, seier Bjørn, med Thorsheim til etternamn.

Den tidlegare helse- og sosialsjefen i Austrheim kommune har hatt den daglege leiinga av Lindåstunet sidan starten i oktober 2004.

Thorsheim er den einaste som arbeider full tid på Lindåstunet. På ei minimal løn, seier han. Kor lenge han kan halda på slik, veit han ikkje.

Litt å ta seg til

Tre gonger i veka kjem Anders Andersen til Lindås sjukeheim. Han vert henta om morgonen og får skyss heim att om ettermiddagen. Anders og dei andre får lunsj og middag før dei reiser heim.

— Beina og armane er ikkje som før, seier Anders. Men som gammal bonde kan ikkje Anders halda seg heilt i skinnet på Lindåstunet. Den gamle praktbygningen frå 1926 ligg i ein liten park i skråningane nedanfor Lindås kyrkje.

— Du veit, her e' litt å ta seg te utafør huset. Da må ryddast og klyppast og rakast. Å so e' da litt ved og, veit du. Hadde da bere vore skikkela ver.

Eldsjeler

Men når det regnar trivst Anders inne i sofaen og. Då kranglar han med Annie, som er 80. Anders og Annie er beste-uvener og nyttar alle høve til å mobba kvarandre.

BTs utsende vert beden til lunsj. Kraftig ertresupa. Nett slik som mange hugsar det frå BNR-ferjene i gamle dagar.

Før maten syng dei eit bordvers.

— Vi tvingar ikkje noko kristendom inn på dei som kjem hit. Men i forsamlingar har bordvers lange tradisjonar her i området. Difor tykkjer eg at det høver, seier Bjørn Thorsheim. Lindåstunet er ingen sjukeheim. Lindåstunet gjev tilbod til eldre som eit stykke på veg greier seg sjølve, men som tykkjer det er såå godt å få litt avlasting frå tid til annan.

Men dette tilbodet har Lindås kommune ikkje råd til. At tilbodet likevel finst, skuldast nokre eldsjeler i bygda. I fremste rekkje Bjørn Thorsheim og avgåande rektor ved Lindås Ungdomsskule, Ove Jan Paulsen.

Bygdeaksjon

— Lindås sjukeheim var i fylket si eiga som psykiatrisk sjukeheim fram til 1996. Då kjøpte Lindås kommune heile huset for 1 krone. Fylket gav pengar til drift av det psykiatriske tilbodet fram til 2002. Deretter stod huset tomt.

— Kommunen var interessert i å selja huset. Det kom inn ein del tilbod, men så sette Ove Jan Paulsen seg i spissen for ein bygdeaksjon med sikte på å gje eit tilbod til eldre. Lindås Bygdalag vart med. Mange enkeltpersonar slutta seg til, og det vart skipa ei foreining - Lindåstunets venner.

— Dette gjorde heldigvis inntrykk på dei folkevalde, som gav avkall på ein feit salsgevinst, og gjekk med på leigeavtalen.

Lov å ta ein knert

— Men inntektene? - Brukarane betalar for seg. Vi tek 200 kroner dagen for dei som kjem om morgonen og reiser heim om ettermiddagen. Då er lunsj og middag inkludert. Så har vi 12 rom for eldre som vil bu her i kortare periodar. Til dømes når pårørande skal på ferie. For dei er døgnprisen 590 kroner. Romma har god plass, med møblar i tillegg til senga. Og gjestene har stor fridom. Den som vil ta seg ein knert på rommet, får lov til det.

— Vi har ein bil, og så køyrer vi og litt privat når vi hentar folk og skyssar dei heim att.

Gjestene skal ha god mat. Turrmaten lagar vi til sjølve. Middagen kjøper vi frå ein restaurant nede ved sjøen her. Så har vi straum og reinhald. Det er ikkje så mykje til overs når dei faste driftsutgiftene er betalt, seier Bjørn Thorsheim.

Gled seg til kvar dag

Etter ti månaders drift har Lindåstunet endå ikkje vore fullt utnytta. Men Bjørn Thorsheim opplyser at dei har hatt gjester frå fleire kommunar enn Lindås, m.a. frå Bergen.

Thorsheim opplyser at Lindåstunet krev 6-8 årsverk for å halda oppe drifta. Alt i alt kan Lindåstunet tilby 35-40 dagplassar i veka. Lønene så langt er ikkje stort å snakka om, men gjennom Lindåstunets vener finst det eit nettverk av folk som står på og gjer ein innsats.

— Eg gled meg til kvar dag eg skal på jobb her. Det er så godt humør på dei eldre, seier Sylvia Lohne. Ho er husmor, og er på Lindåstunet tre dagar i veka.

— Det er svært viktig at vi har dette tilbodet til dei eldre. Dette må vi klara å halda oppe, seier Lohne.