– Vi har høyrt rykte om at noko ikkje er som det skal vere der ute. I salspapira står det ingenting, seier Magnus Stangeland i DOF-gruppa, og gjer det heilt klart at han ikkje er interessert i å kjøpe ei vare med denne typen manglar.

– Hanøytangen A/S har ikkje fortalt noko om dette. Vi har på annan måte vorte smerteleg klar over kva som ligg på sjøbotnen, seier Einar Torsvik hos konkurrenten Maritime Group, som saman med Mjellem & Karlsen og Kværner også er interessert i området.

Kommunale A/S Hanøytangen, som eig området, forsvarer den manglande informasjonen med at dei rett og slett ikkje har visst om skrapet som ligg på botnen.

– Eg høyrde eit rykte om dette no nyleg, men veit ingenting. Dette må vi undersøkje, seier administrerande direktør Asbjørn Algrøy.