Høgt opp i lia ovanfor Byrkjelo sentrum, lengst opp mot Utvikfjellet, bur den pensjonerte tømraren Rolf Bjørnarheim (79).

Søndag kveld, medan han sat i telefonen på soverommet, fekk han uventa besøk.

Peika med pistol

– Eg høyrde noko bak meg. Det viste seg å vere ein framand inntrengjar i døra halvannan meter bak meg. Han peika på meg med ein pistol.

Ranaren ville ha Bjørnarheim til å leggje seg ned på senga, og opne safen. Men det ville ikkje Bjørnarheim.

– Eg firte ikkje ein millimeter. Så gjekk eg mot mannen, og skubba til sides skytevåpenet med høgre handa. Eg rekna med at viss han ville skyte, så gjorde han det, seier han.

Men ranaren skaut ikkje. Han rygga bakover, inn i stova.

Let att døra etter seg

– Då sa eg litt høgrøysta til han «skyt då vel, for faen». Eg var sint og oppøst – meinte han fekk sjå å avgjere eitt eller anna. Men då vart mannen redd og sprang ut. Let att døra etter seg, gjorde han òg. Han tykte vel den gamle bremningen såg litt truande ut, ler Bjørnarheim.

Men trass den barske handteringa av ranaren, vedgår Bjørnarheim at han har fått seg ein liten støkk.

– Eg reknar med å arbeide meg gjennom dette i løpet av vekes tid. Eg er glad i denne staden, og har ikkje lyst til å flytte, seier han.

– Men du låser døra i kveld?

– He, he. Ja, eg har låst døra for lenge sidan.

Per Svein Reed