Samferdsleminister Liv Signe Navarsete var ikkje kjent med at Bergen kommune og fylkeskommunen var usamde om forsøksordninga for transportsystemet då det blei overført til Bergen kommune frå 2004. Det kom fram på møtet som statsråden hadde kalla inn til i dag. Departementet har avgjort å tilbakeføra ansvaret for transportsystemet tilbake til fylket frå nyttår.

Statsråden ga ikkje signal på møtet om at departementet vil revurdera si avgjerd.

Byrådsleiar Monica Mæland seier til Kystradioen at kommunen er redd for at kollektivtrafikktilbodet vil bli svekka og at fylket ikkje vil makta å vidareføra ordninga med lik takst for alle. Ho er også redd for at fylket ikkje har store nok økonomiske musklar til å ta ansvaret for bybanen. Fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg lovar at fylket vil vidareføra kollektivtrafikken slik han er for heile fylket. Ifølgje henne ga ikkje statsråden signal om at ho ville revurdera avgjerda om ansvaret for transportsystemet.