Det var eit kamera på Shell-stasjonen i Førde sentrum som fanga inn ein mann natta før Anne Slåtten forsvann.

Mannen er kledd i ei blå dongerijakke. Den drapstiltalte 42-åringen sa i retten at han kjenner att seg sjølv på biletet, sjøl om han ikkje hugsar å ha vore der.

— Det er nok meg, det ser slik ut. Eg hadde krøllete hår ned til skuldrene på den tida. Eg ser full ut, sa 42-åringen.

Han sa også at han har hatt ei jakke lik den mannen på biletet brukar. Politiet har ikkje funne denne jakka heime hos 42-åringen. Mannen sjølv kunne ikkje seie sikkert kvar jakka er vorte av.

Den tiltalte var ferdig med forklaringa si kl. 13.10.

Han avslutta med å seie at han ikkje er drapsmannen.

— Eg er ikkje i stand til å utføre noko slikt, sa 42-åringen.

— Kva kan du seie om DNA-sporet som er funne? spurde forsvarar Ivar Blikra.

— Det er heilt utruleg. Eg har ikkje noko forklaring på det, rett og slett. Sjøl om eg ikkje hugsar noko, er eg ikkje ein person som kan ta livet av nokon.

<b>I RETTEN: </b>Aktor Jogeir Nogva og forsvarar Ivar Blikra.
ODDLEIV APNESETH