Nokre av dei største fiskekjendisane i landet meiner Fylkesmannen i Sogn og Fjordane er på ville vegar når han vil stengje sogneelva for alt fiske fram til 2012.

— Vi meiner argumentasjonen Fylkesmannen brukar for å stoppe aurefisket, ikkje held, seier Pettersen.

Bakgrunnen for stengingsframlegget er at lakseparasitten gyrodactylus salaris er på­vist på ny i vassdraget. Gyroen går berre på laks, likevel vil fylkesmannen også stoppe fisket etter sjø­aure.

God bestand

Fleire fiskekjendisar har no signert eit brev der dei ber Fylkesmannen revurdere framlegget. Georg Fredrik Rieber-Mohn er tidlegare riksadvokat og høgsterettsdommar. Det siste har også Hå­kon Løchen vore.

Børre Pettersen var i mange år leiar for Norges Jeger- og Fiskerforbund, og han har vore statssekretær i Miljø­verndepartementet. Med seg på protestbrevet har dei også Finn Krogh og Alf Olsen jr., tidlegare og noverande direktør for Norsk Villakssenter i Lærdal.

Krogh, som også er cupmeister i fotball for Brann, er no direktør for Norsk Oljemuseum.

At det blir forbod mot å fiske laks meiner dei fem er greitt, men dei syns ikkje det finst gode nok grunnar til å stoppe sjø­aurefisket. Lærdalselvi er eitt av dei få vassdraga som ikkje har hatt fangstnedgang dei siste to-tre åra, tvert om har sjø­aurefisket betra seg.

— Det er ikkje noko som tyder på at sjø­aurebestanden i Lærdal ikkje er berekraftig. Vi kan ikkje sjå at det vil vere til fare for stammen å oppretthalde eit lett fiske, seier Pettersen.

Ingen fisk i fjor

Dei fem brevskrivarane presenterer seg som ivrige sjøaurefiskarar med mange års erfaring, dei fleste også frå Lærdalselvi. Sjølv har Børre Pettersen kasta med flugestonga etter sjø­aure i Lærdal sidan tidleg på 90-talet.

— Eg brukar å ta nokre dagar der kvart år, seier han.

— Var du der i fjor?

— Ja, det var eg.

— Blei det bra fangst?

— Nei, eg fekk ikkje ein einaste. Men det er ikkje det same som at elva er tom for fisk. Mange forhold som spelar inn. I fjor var eg der i ein perioden då vassfø­ringa var langt frå å vere optimal, så det var nok viktigaste grunnen.Pettersen, Rieber-Mohn, Løchen, Krogh og Olsen jr. ser det som eit paradoks at Fylkesmannen vil halde ope for sjø­aurefiske i elvar i same områ­det som har hatt på­viseleg nedgang siste åra. Konkret nemner dei Nærøydalselvi og Aurlandselvi der fisket har gått kraftig tilbake.

Renommé

Dei pasjonerte aurefiskarane skriv i brevet at dei hadde rekna med at laksefisket ville bli stoppa som ein konsekvens av at parasitten no er tilbake. Derimot hadde dei ikkje trudd det ville kome framlegg om å stoppe fisket etter sjø­aure, fordi gyroen ikkje angrip auren

I brevet kjem fleire framlegg til tiltak for å følgje utviklinga av sjøaurestammen i Lærdalselvi. Dei tek til orde for systematiserte froskemannssøk på ei representativ strekning. Videoovervaking, slik det er gjennomført i Aurland, kan også vere eit godt tiltak.

— For å oppretthalde renommé­et til Lærdalselvi vil det vere gunstig å tillate sjø­aurefiske så lenge bestanden ikkje er truga, skriv dei fem i brevet