TERJE ULVEDAL

Det har mannen fortalt forsvararen sin, advokat Truls Dramer. Advokaten hadde i går sitt første møte med sin klient.

30-åringen blei sist tysdag varetektsfengsla for brot på utlendingslova. Han var ein av dei første politiet tok inn til avhøyr etter at Hedda Karterudseter blei funne drept. Kring klokka 01 natt til fredag, knappe seks timar etter at den 19 år gamle Seljord-jenta blei funnen på hybelen på Sogndal Folkehøgskule, blei mannen henta på hybelen sin i Sogndal.

Sa aldri at han var mistenkt

— Politiet har aldri sagt til han at han var mistenkt for drapet. Han har heile tida vore avhøyrt som vitne. Men min klient har oppfatta det slik at han var mistenkt, fortel advokat Dramer.

— Kvifor fekk han denne oppfatninga?

— Det byggjer for det første på at han i fleire ulike avhøyr blei stilt ei rekkje spørsmål knytt til drapsetterforskinga. I tillegg stilte min klient fleire gonger spørsmål til politiet om kvifor han ikkje blei sett fri. Han fekk aldri svar på dette spørsmålet, og blei sitjande i politiets varetekt heile tida. I sum førte dette til at han oppfatta det slik at politiet mistenkte han.

Forsprang

Bergens Tidende skreiv i går at samstundes som 30-åringen var i avhøyr på lensmannskontoret i Sogndal, sat den sikta 35-åringen frå Somalia på bussen til Oslo. Der kunne han uhindra gå av bussen 05.30 fredag morgon. Alt tyder på at han no har tatt seg ut av landet. Fordi politiet trudde dei alt kunne ha pågripe gjerningsmannen, fekk somaliaren eit godt forsprang.

At politiet gjekk til det steg å hente 30-åringen inn til avhøyr var ikkje unaturleg. Han var meld for eit valdtektsforsøk i Sogndal 13. oktober. Han blei dessutan sett saman med Hedda utanfor Meieriet i samband med konserten natt til onsdag. I tillegg har mannen ein utsjånad som gjer han lett å kjenne att.

Etter å ha blitt avhøyrd i fire timar natt til fredag, blei han sett fri. Men berre timar seinare kom politiet tilbake, og henta han på ny. Frå då og til han sist tysdag blei framstilt i Oslo tingrett for brot på utlendingslova, heldt politiet han i varetekt.

Fortalde om somaliaren

Til Bergens Tidende seier advokat Truls Dramer at hans klient tidleg i avhøyra gjorde politiet merksame på 35-åringen som no er sikta.

— Dette har samanheng med at min klient møtte på den sikta i Sogndal torsdag kveld, og slo følgje med han til bussen, seier Dramer.

— Merka han noko spesielt med 35-åringen då?

— Nei, han fann ikkje noko spesielt med måten han oppførte seg på.

Advokaten seier til Bergens Tidende at han no vil undersøkje nærare det rettslege grunnlaget politiet hadde for å halde på 30-åringen så lenge.

— For meg som hans forsvarar er det klart interessant om politiet har manipulert med grunnlaget for å halde på han. Det er relativt pussig at ein person blir sitjande så lenge i varetekt hos politiet utan å bli sikta.

Først måndag kontakta politiet kollegaene i Oslo for å høyre om dei var interesserte i mannen. 30-åringen har brukt minst tre ulike identitetar overfor norske og tyske styremakter, og kan fengslast på det grunnlaget.