— Vi har hatt to kanondagar, fortel ein begeistra disponent i Voss Fjellheisar AS, Per Inge Brekke, til Bergens Tidende.

Han registrerte 8000 personturar på dei to heisane som var opne 2. juledag, 5500 på Alphaheisen, fireseters stolheis i Bavallen, og 2500 på toseteren Tråstølsheisen.

Og pengane trilla inn på sesongkort og dagskort.

— Eg har aldri opplevt slik omsetnad på ein einskild dag, røper disponenten som har styrt fjellheisane i 11 år.

Sveltefora på skiopplevingar strøymde vossing, bymann og stril til Bavallen, der det var førehandsreklamert med berre ein open heis og ditto løype. Heldigvis fall det snø, både naturleg og kunstig, i julehelga slik at lovnadane kunne overoppfyllast.

— Med iherdig innsats 1. juledag og natt til 2., fekk vi til ei bra løype på Tråstølen også.

Dermed fekk vi fordelt folket ein god del betre enn med berre ein heis, kommenterer Brekke.

Torsdagen gav ein del mindre trafikk. Men då var det arbeidsdag for mange, byttedag for andre, og vareteljing i butikkane, påpeikar Brekke. Termometeret ved Bergens Tidende sitt web-kamera på Hangursrestauranten viste 10,5 kuldegrader midt på dagen i går, medan det i Voss sentrum var rundt 20 grader minus. Øvst i løypene kom temperaturen godt opp mot fem kuldegrader i solskinnet.

På Bømoen er det enda kaldare enn på Vangen, og aktiviteten i langrennsløypa tilsvarande laber. Men løypa er i perfekt stand, fortel primus motor Gunnar Bråten. Også her er natursnø og kunstsnø godt blanda og preparert, medan Myrkdalen kan by på rein «villsnø» i Årmotslia.

Slik så det ut fra toppen av Hangursheisen ved 10-tiden fredag.
Foto fra bt.no sitt webkamera på Voss