Laila, Kåre og Ivar Kolve skaper alltid stemning når dei kjem heim til Voss og pakkar opp sitt store arsenal av instrument.

Laila spelar på fløyter av mange slag, Kåre har saksofonar og gitar, og for perkusjonisten Ivar er det ingen ende på rytmeinstrument. I går let han unge Anders Fretheim overta trommesettet ei stund, medan han sjølv imponerte på marimba. Elles hadde den overdimensjonerte trioen fem medlemer. Ola Marius Sandberg trakterte bassen, medan spelemann Einar Mjølsnes klemde til på hardingfele.

Konserten «Krossover på Torget» skulle etter programmet haldast utandørs, saman med Vossameny si tilskiping Bondens marknad. Men korkje fløyter eller hardingfele presterer godlyd i regnvêr, og Vossajuvet på Park Hotell Vossevangen vart løysinga.

Her vart det god stemning i eit spennande konsertlokale. Dei fleste tilhøyrarane kunne benka seg på same nivå som musikarane, men det er også plass på «galleriet» og på bukkanebrusebrua over juvet.

Bandet «Smiletones» fylgde opp. Dette er musikantar frå ungdomssatsinga til Vossa Jazz. Namnet på bandet forpliktar, ein Miles Davies-låt var på plass i eit variert repertoar. Tarjei Kjerland Lienig spelte på tangentar, John Taylor, sakso-fon, Håvard Havro Bjørnestad, bass, Borge Styve, trompet og Anders Fretheim, trommer.

Arne Hofseth