– Det rista godt i marka, ja, seier den sindige 16-åringen, som arbeidde i familiens revegard da raset losna i den bratte fjellsida drygt 600 meter over han.

Kunne gått gale

– Eg såg steinblokkene i lufta, og at dei traff fjellsida og rulla gjennom skogen nedover, fortel ungguten.

– Tenkte du på å springe unna?

– Nei, faktisk ikkje. Det gjekk så fort. Men seinare har eg tenkt mykje på kva som kunne skjedd.

Faren hans, John Birger Nybø, er sjeleglad for at det ikkje lenger er tele i jorda i Lærdal.

– Dersom marka var knallhard av tele, ville desse steinane ha rulla mykje lenger, seier han.

Fem stenblokker kom heilt ned, og han anslår i alle fall to av dei til å vere mellom 40 og femti kubikkmeter store.

Må sprengast – Eg har målt dei. Det er snakk om cirka fire gonger fire gonger tre meter. Det vil seie så store at dei ikkje kan fjernast utan å sprenge dei i fleire bitar, seier han.

John Birger Nybø opplyser at den aktuelle plassen på Ljøsne i Lærdal er rasutsett, og at det av og til kan gå steinsprang der.

– Men så voldsomme dimensjonar som denne gongen er det lenge sidan nokon har sett her. I alle fall minst eit par mannsaldrar sidan, seier han.

JOHN BIRGER NYBØ