Steinar Kvigne, porten.no

Det har verkeleg gått hardt ut over Fv. 243 i Erdal. Kjempeblokker har losna i fjellsida og totalt smadra vegbana ved Ospi om lag 3 kilometer frå Lærdal sentrum. Bortimot hundre meter av vegbana er øydelagt, store steinar, tre og oppbroten asfalt ligg velta i vegbana. I tillegg har nok mykje av raset forsvunne over rekkverket og på fjorden.

Fleire dagar

Rune Dvergsdal hjå Statens Vegvesen og Johnny Skjerping frå Lærdal kommune seier dei no skal ha geolog på staden.

— Det blir ikkje gjort noko her før geologen har undersøkt rasstaden. Truleg må det reinskast i fjellsida før ein kan gå i gang med å rydde vegen, seier Dvergsdal. Dei reknar med at vegen vert stengt nokre dagar, for oppryddingsarbeidet blir ganske omfattande. I alle fall ma ei av steinblokkene sprengast før den kan fjernast.

— Det me gjer no er å informere dei som bur i Erdal, dessutan har me fått organisert skuleskyss med båt forbi rasstaden, seier Johnny Skjerping til Porten.no.

RAS: Det har verkeleg gått hardt ut over Fv. 243 i Erdal.
STEINAR KVIGNE, PORTEN.NO