Trekonstruksjonen, som er eit tverrfagleg designprosjekt på kunsthøgskulen, står på ein sju meter stor flåte flåte. Då lotusen låg fortøydd i natt kom det vatn i nokre av tankane som held flåten flytande. Blomen tippa over og sokk nokre meter.

I føremiddag har studentane og professor Peter Bergerud frå kunsthøgskulen fått tømd tankane for vatn og skifta dei defekte korkane.

Etter planen skal lotusen slepast inn i Vågen i morgon føremiddag.

RUNE NIELSEN (mms)