Høvet er landstemnet 2005 «Der båra bryt», som vert arrangert av Kystlaget Hornelen i lag med ei rekke frivillige lag. I går kom dei fleste fartya til Kalvåg, om lag 600 i talet i eit jamt sig frå heile vestlandskysten, frå cabincruiserar til robåtar. Vêrgudane var på lag og sytte for strålande julisol frå skyfri himmel den fyrste dagen på stemnet, som byr på eit rikhaldig program for store og små båtentusiastar. Mellom anna skal Forbundet Kysten presentere prosjekta «Kystmat» og «Havet som kulturformidlar». Mange utstillingar finn ein óg, alt frå båtbygging, tjærebrenning, barking av segl, repslaging og ulike husflidstradisjonar.

FOTO: ØYSTEIN TORHEIM