TERJE ULVEDAL

— Flåten skal seinast vere på plass fredag morgon, lovar distriktsvegsjef Oddvin Ylvisåker.

For eggprodusent Arve Aasen er det ei stor lette at alt tyder på at han no får hønene på plass i det nye klekkjeriet. Han frykta eit tap på over 10.000 kroner dagen.

— Det ser ut til at både vi og dei andre i dalen får på plass det vi treng av forsyningar, seier han.

I tillegg til å løyse det akutte problemet med dei nye verpehønene til eggprodusent Arve Aasen, skal lekteren også brukast til å frakte til dømes fôrmjøl og mjølk forbi Laksehammaren.

— Vi tek sikte på å bruke flåten eit par gonger i veka for å frakte det aller mest nødvendige av varer, seier Ylvisåker.

100 isolerte

Det var måndag ettermiddag at store delar av hammaren ved Ommedalsvatnet i Gloppen rasa ut. Steinskredet kom som følgje av at Mesta skulle skyte vekk eit lite utspring som har vore til hinder for tungtrafikken. Då salva gjekk av, rasa store delar av fjellet ut. Blokka som skulle skytast ned, hadde halde resten av fjellnakken på plass. Dei store steinmengdene knuste vegbana.

Sprengingsuhellet isolerte kring 100 menneske i dalen. Skuleelevar og dagpendlarar blir no frakta forbi Laksehammaren med småbåtar.

I går konkluderte ein geolog frå Statens vegvesen med at fjellet er svært laust, og at det berre er eit tidsspørsmål før det kjem ned meir stein. Geologen meiner eit par tusen kubikk må skytast ned eller sikrast, før det kan gjerast arbeid på vegnivå.

Slepast

Flåten som no skal setjast inn, har ein lastekapasitet på over 40 tonn.

— Dette er meir enn nok til å ta ein vanleg lastebil. Dermed skal vi greie å skaffe fram dei viktigaste forsyningane, og få ut mjølk, egg og andre gardsprodukt, seier distriktsvegsjef Ylvisåker.

På grunn av den store rasfaren har vegvesenet avvist å leggje ei provisorisk bru forbi staden. Ei slik kunne vore montert på to dagar.

— Dersom det er så stor rasfare, kan det ikkje då vere farleg å bruke lekter på vatnet, Ylvisåker?

— Det må vi undersøkje nærare. Men vi trur vel ikkje at det vil bli noko flodbølgje, dersom resten skal kome.

I første omgang skal lekteren slepast av andre båtar, men vegvesenet vurderer å få tak i ein motor som kan monterast på.

Tunnel

Vegvesenet kan så langt ikkje seie noko om kor tid vegen kan vere reparert. Både tunnel, fylling i vatnet og å byggje opp att vegen omtrent som no er aktuelle alternativ.

— Det som kan ta tid er det førebuande arbeidet, seier Ylvisåker.

— Men dersom det er aktuelt med tunnel, vil ikkje det ta lang tid?

— Nei, det vil bli ein tunnel på kring 150 meter. Med det tverrslaget vi snakkar om her, vil det ikkje ta meir enn fire veker å få gjennomslag.