Nytrekt kaffi, bollar og frukt stod klart i møterommet. I går var det somaliarane i Bergen som skulle få informasjon om fordelane med å returnere frivillig, dersom dei bur ulovleg i landet. Problemet var berre at ingen møtte opp.

— Dette var litt skuffande, men eigentleg ikkje heilt uventa. Det er på grunn av ramadan, dei vil vere heime før kveldsmåltidet for det er mykje som skal planleggjast, seier leiar i Det Felles Innvandrerråd i Hordaland (DFIRH), Samba Njie.

- Store fordelar

Ifølgje DFIRH er det om lag 25.000 personar som oppheld seg ulovleg i Noreg. Mange av dei er ikkje klar over kva slags fordelar det er med å returnere på eiga hand.

— Då får du dekt heile reisa, og har høve til å reise tilbake til Schengen-området på nytt for å søkje asyl. Alternativet er mykje verre, seier Njie.

Blir ein innvandrar tvangssend ut av landet, må han betale heile reisa sjølv. I tillegg skal det vere to polititenestemenn med han. Rekninga blir ofte på titusenvis av kroner. I tillegg blir dei nekta tilgjenge til Schengen-området i fleire år.

Fleire interesserte

To personar i Innvandrarrådet i Hordaland deler prosjektstillinga som Utlendingsdirektoratet finansierer. Dei har allereie hatt møte med kurdarar, og fram til nyttår skal dei ha møte med fem andre innvandrargrupper. Trass det dårlege oppmøte i går, seier Njie at fleire har vore interesserte i tilbodet.

— Etter å ha fått kjennskap til fordelane er det mange som vil heim igjen. Det er mange som får det betre i heimlandet, fordi dei kan starte på utdanning og få seg jobbar. Det kan dei ikkje her.

Dårleg kunnskap

Hordaland er første regionen i landet som har starta med informasjonskampanjar retta mot illegale innvandrarar. Direktør for UDI på Vestlandet, Atle Berge, håpar prosjektet blir vellukka.

— Dersom alt går etter planen, kan prosjektet bli vidareført til fleire delar av landet. Det er veldig viktig informasjon, som mange innvandrarar ikkje veit noko om, seier Berge.

Også offentlege etatar skal informerast om tilbodet ulovlege innvandrarar kan nytte seg av.

— Dette kan vere politikontor, helsestasjonar og NAV. Dei har ofte mykje kontakt med denne gruppa, seier Njie i Innvandrarrådet i Hordaland.

Sævig, Rune