— Vi er redde for at Unesco skal krevje fullstendig vern. Det må ikkje skje. Her står altfor mykje på spel, skriv Høgre-politikar Ingrid Astor i eit brev til partikollega og næringsminister Ansgar Gabrielsen. Astor var i fleire år gruppeleiar for Høgre i fylkestinget. I år stiller ho som ordførarkandidat i heimkommunen Høyanger.

Det som står på spel er storstila uttak av bergarten anortositt, som i neste omgang skal danne utgangspunkt for eit miljøvennleg gasskraftverk i Sunnfjord. Etter det Bergens Tidende kjenner til er saka også tatt opp både med miljøvernminister Børge Brende og andre statsrådar. Brende er rekna som ein ivrig tilhengar av å få Nærøyfjorden inn på Unesco-lista.

Kombinasjonen gruvedrift og verdsarv kan bli problematisk. Representantar frå Unesco har signalisert at det vil bli vanskeleg å kombinere verdsarvstatus med uttak av mineralførekomstane.

Eit signal om at det kan bli restriksjonar, kom då landskapsvernområdet i Nærøyfjorden blei opna tidlegare i år. Unesco-representantar sa då klart frå om at planane Forsvaret hadde for å bruke Mjølfjell til øvingsfelt for jagarfly, ville gjere det vanskeleg å plassere fjordområdet på verdsarvlista. Nokre veker seinare la Forsvaret vekk planane.

Frykta mange politikarar har, er at Unesco-vern vil gjere det uråd å vinne ut bergarten. Denne finst i enorme mengder i grenseområda mellom Aurland og Voss, og kan bli utgangspunktet for ei storstila industrisatsing. I tillegg til bergverksdrift i Indre Sogn, er anortositten også sentral i planane som no blir lagt for å byggje eit gasskraftverk der CO2, i staden for å bli skadelege utslepp til naturen, skal brukast som råstoff til industriproduksjon. Kraftverket er tenkt bygt på Lutelandet i Fjaler, og kan gje kring 1000 arbeidsplassar dersom det blir realisert. Mange stiller også sine håp til at eit slikt kraftverk skal sikre krafttilgangen, og dermed redde aluminiumverka i Høyanger og Årdal.

Også fylkesleiar for Arbeidarpartiet, Tor Bremer og fylkesleiar Liv Signe Navarsete i Senterpartiet, er skeptisk dersom Unesco stiller krav om totalt vern.