— Vi er i dialog med Skipsfartsinspektøren, og ser for oss at det kan bli ei rimeleg løysing på floken, seier fylkesordførar Nils R. Sandal til Bergens Tidende.

Ein ny risikoanalyse har gitt Skipsfartsinspektøren kalde føter med omsyn til ferjetrafikken til Værlandet og Bulandet i Askvoll. Ferja som har trafikkert strekninga på dispensasjon sidan 1987, er ein altfor skrøpeleg farkost for havstykket mellom dei to øygruppene, meiner risikoekspertane.

Skipsfartsinspektøren vil inndra dispensasjonen frå 30. april i år.

— Men då er det berre litt over eitt år til vegen mellom Værlandet og Bulandet er ferdigbygt, påpeikar Sandal.

Han ser inga løysing i å få bygt ei ny, havgåande ferje. Den vil kosta 80 millionar kroner, og ikkje vera ferdig før vegen. Og då trengst ho ikkje lenger. Strekninga mellom Værlandet og fastlandet går i smulare farvatn.