Tysnes kommune ser mørkt på framtida. No ryk stamvegen over Våge fordi fleirtalet i fylkestinget ikkje bryr seg om tidlegare vedtak. Kommunen bur seg på kamp.

I fyrste omgang gjeld det å få Tysnesbrua nemnt i Nasjonal Transportplan 2010-2019 som Stortinget skal vedta om eitt år. Det ønskjer både Tysnes kommune og fleirtalet i Hordaland fylkesting.

— Men når fylkestinget har vedteke stamveg over Våge og deretter vil prioritera ferjefri stamveg om Fusa, då kan sentrale vegstyresmakter med god grunn spørja: kva meiner fylkestinget eigentleg? seier Kjetil Hestad, som sit i Tysnes kommunestyre for Arbeidarpartiet.

— Eg trur ikkje sentrale vegstyresmakter vil føra opp Tysnesbrua i NTP dersom dei finn ut at fylkestinget ikkje greier å bestemma seg for kvar vegen skal gå vidare, seier Kjetil Hestad.

Sjølv er han klar til å forsvara Tysnesbrua og Våge-alternativet kvar det skulle vera. Styret i Tysnesbrua AS har gjeve Kjetil Hestad i oppdrag å agitera for saka overfor både regionale og sentrale styresmakter. Hestad ser fram til oppgåva, og lovar at ingen skal få fred.

Vedtak frå 2000

Hordaland fylkesting har to sprikande vedtak om stamvegen mellom Stord og Bergen:

  • 15. juni 2000 vedtek Hordaland fylkesting fylkesdelplan for stamveg frå Hodnanes til Våge-området på Tysnes. Fylkestinget vil flytta hurtiggåande gassferjer over til sambandet Våge-Halhjem så snart Tysnesbrua er bygt ferdig.
  • 24. april 2008 vedtek Hordaland fylkesting i fråsegna til Nasjonal Transportplan at Tysnesbrua må inn i NTP som eit prioritert prosjekt. Vedtaket frå 2000 om stamveg mot Våge vert ikkje nemnt.
  • I den same fråsegna vedtek Hordaland fylkesting å vurdera stamvegen Os-Leirvik på nytt så snart den nye E39 mellom Rådal og Svegatjørn er ferdig. Målet er å byggja ferjefri stamveg på strekninga.

Fleirtalet skifter side

Offisielt og formelt gjeld framleis vedtaket frå 2000 om stamveg over Våge-Halhjem. Fleirtalet bestod av Arbeidarpartiet og sentrumspartia.

I 2008 dominerer Høgre og Framstegspartiet. I fråsegna frå 24. april fekk dei og med seg KrF og Senterpartiet.

Helge Hauge, Sp-ordførar på Tysnes, seier til BT at han ikkje skjønar korleis hans parti kunne røysta med Høgre og Frp.

Tidlegare ordførar Lorentz Lunde, KrF, fortel at han alt lenge har vore på kant med si partifelle, fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg, i denne saka.

Tysnes i bakevja

Øyvind Halleraker, som no sit på Stortinget, var Høgre sin gruppeleiar i fylkestinget i 2000. Han kjempa hardt for ferjefri veg, men tapte den gongen.

Halleraker meinte, og meiner framleis, at det vil vera ein stor feil å byggja stamveg over Tysnes mot Våge. Han grunngjev det med at det berre vil vera ei mellombels løysing, fordi den ferjefrie vegen vil tvinga seg fram.

Slik Halleraker ser det, gjeld ikkje fylkestingsvedtaket frå 2000 lenger.

Og presset for ferjefri stamveg er stort. Det er berre nokre få veker sidan næringsforeiningane i Bergen, Stord, Haugesund og Stavanger gjekk saman i eit krav om ferjefri stamveg gjennom Rogaland og Hordaland.

Kjetil Hestad ser mørkt på ei slik utvikling.

— Då vert ferja vår til Halhjem lagt ned. Det betyr ein lang omveg og mykje lengre reisetid til Bergen for fleirtalet av innbyggjarane på Tysnes. Kommunen vår hamnar i ei bakevje, seier Kjetil Hestad, og bur seg på kampen.

Odd Mehus