— Eg har følt på kroppen kva det vil seie å ha ei fødeavdeling og eit sjukehus i nærleiken. Det er grunnen til at eg engasjerer meg så sterkt når fødeavdelinga i Lærdal er i fare, seier Liv Anny Kjærvik til Bergens Tidende.

Saman med tre andre kvinner frå Jostedalen tok ho i sommar initiativ til ein underskriftsaksjon for å oppretthalde føden i Lærdal. I går vart listene med underskrifter overlevert ordførarane i Indre Sogn. Heile 8606 personar har skrive seg på oppropet som protesterer på at avdelinga kan verte gjort om til fødestove. Og aksjonen held fram.

Ambulansen måtte snu Det var i 9. september i fjor at Liv Anny Kjærvik fekk kraftige blødningar. Ho var gravid, men det var framleis fire veker att til termin. Morkakeløysing, var den dramatiske diagnosen. Morkakeløysing gjer at fosteret får for lite oksygen. Er morkakeløysinga stor, vil fosteret dø raskt. Tilstanden er også livstruande for mora.

Luftambulanse vart rekvirert omgåande, og kursen sett mot Sentralsjukehuset i Førde. Men i elendig vêr med kraftig turbulens kom helikopteret seg aldri til Førde. Piloten måtte snu, og sette kursen mot Lærdal.

Der vart det utført akutt keisarsnitt, og alt gjekk bra med både mor og barn. I dag er sonen Henning ein livleg krabat som snart skal ha sin første fødselsdag.

Kva kunne ha skjedd? - Eg har knapt våga tenkje på kva som kunne skjedd. Men då eg høyrde at fødeavdelinga i Lærdal stod i fare for å verte gjort om til fødestove, kom eg ikkje unna. Kunne helikopteret komme seg til Haukeland? Hadde eg vore nøydd til å reise med ambulansebil til Førde, ville eg då komme fram i tide, spør tre-barnsmora frå Jostedalen.

Svara veit ingen, men Liv Anny Kjærvik har i alle fall klart for seg at det stod om livet og at minutta talde. For henne var det kan hende avgjerande at det låg ei fullt operativ fødeavdeling i Lærdal.

— Eg er redd for at ei fødestove vil gje gravide kvinner i Indre Sogn eit dårlegare tilbod. Det er grunnen til at eg engasjerer meg så sterkt.

- Skulle kjent det på kroppen Liv Anny Kjærvik legg ikkje skjul på at ho av og til ønskjer at dei som skal avgjere framtida for Lærdal-føden, kunne kjent det like sterkt på kroppen som ho gjer sjølv.

— Eg føler at dette ikkje bit så sterkt på dei som det skulle ha bite på. Hadde det vore eit vinmonopol-utsal som skulle avviklast, ville protestane sikkert vore langt sterkare. Kanskje har det med å gjere at det er kvinner dette dreier seg om?, undrar Liv Anny Kjærvik.

I tillegg til underskriftsaksjonen, har initiativtakarane også sendt brev til stortingskandidatane om framtida for sjukehuset.