— Vi sender borna ut i naturen og gjer dei trygge i oppveksten, seier Kari Kallevik Hjartnes, leiar i Bygdeutvalet i Hålandsdalen, og Jarle Ragnhildstveit, leiar i FAU ved Holdhus skule. Utan å kryssa vegen kan elevane nytta skiløyper, akebakkar og flotte skogsområde. Foreldra ser at borna har det godt. Desse verdiane vil dei kjempa for.

Trugsmål

Trugsmålet om å leggja ned Holdhus skule har samla folk i bygda. I gymnastikksalen møter vi 50 born og foreldre frå Hålandsdalen nokre kveldstimar.

Hålandsdalen har fostra verdsmeistrar som framleis bur i bygda. Kvart år kjem fleire hundre ungdomar til leirskule i dalen for å læra om det gode liv, tilhøve til naturen og korleis livet på gardane var før i tida.

— Vi har så mykje som andre set høgt. Då verker det meiningslaust å senda borna bort til skule ein annan stad, seier foreldra.

Holdhus skule er livsnerven i bygda og særs viktig for bygdefolket. Den er drive etter moderne prinsipp med aldersblanding, elevaktivitetar og prinsippa for uteskulen. Skulen har ny gymsal reist på dugnad av bygdefolket. Barnehagen ligg vegg i vegg med skulen og sikrar mjuk overgang. Flotte, nye klatrestativ står like ved skulen.

— Vi kan jo ikkje nytta dei, om skulen vert lagt ned, seier Eirik. Roar og Marte er urolege for den nye basketballbana som skal byggjast.

10 unge familiar

— 10 unge familiar med born har flytta til bygda dei siste åra. Vi føler oss snytt om skulen vert teken frå oss, seier Kari Kallevik Hjartnes og Jarle Ragnhildstveit

58 elevar går på Holdhus skule i dag. Krinsen har 36 born under skulepliktig alder og ventar vekst med 13 nye tomter. Eikelandsosen skule har 117 elevar og vert trong om elevane frå Holdhus kjem. Eikelandsosen får færre born i framtida og har god bruk for elevane frå Holdhus.

— Her ved skulen går elevane på ski i friminutta. Dei vert spreke og dugande av å vera mykje ute. Då er det lita freistande å senda dei med bussen i staden, seier foreldra som er redd kommunen sjølv må betala skyssutgifter i framtida.

— Fusa har ein skralara økonomi enn dei andre kommunane i Hordaland. Vi må kutta utgiftene, men ingen gjer dette med glede, seier ordførar Asbjørn Heidal.